Hornisgrinde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Toppen av Hornisgrinde med TV-tårnet

Hornisgrinde er det høgaste fjellet i Nord-Schwarzwald i Tyskland med ei høgd på 1 164 meter over havet. Hornisgrinde ligg nord i Ortenaukreis i delstaten Baden-Württemberg.

Lyngmoområdet på fjelltoppen er eit naturreservat og stengd for offentlegheita. På toppen av fjellet står eit 206 meter høgt radio- og fjernsynstårn.

Mummelsee er ein djup innsjø på vestsida av Hornisgrinde. Han er svært populær for turistar som reiser langd Schwarzwaldhochstraße. I følgje segna var det havfruer (tysk Nixen) i innsjøen og «Kongen av Mummelsee» heldt òg til her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hornisgrinde

Koordinatar: 48°36′N 8°12′E