Schwarzwald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Schwarzwald (norsk Svartskogen) er ei skogkledd fjellkjede i Baden-Württemberg sørvest i Tyskland. Ho grensar til Rhindalen i vest og sør. Den høgaste toppen er Feldberg med ei høgd på 1 493 meter over havet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Geologisk består Schwarzwald av eit sandsteindekke over ei kjerne av gneis. Under den siste istida vart Schwarzwald forma av isbrear og fleire dalgryter, som Mummelsee, har sitt opphav frå denne perioden. Av elvar i Schwarzwald finn ein Donau (som har sitt utspring her), Enz, Kinzig, Murg, Neckar og Rench. Schwarzwald er ein del av det kontinentale vasskiljet mellom Atlanterhavet (Rhinen) og Svartehavet (Donau).

Administrativt høyrer Schwarzwald til følgjande landkreis:

Dielektar som vert snakka her er alemannisk og schwabisk.

Skogane består stort sett av furu og gran, og nokre av dei vert dyrka i kommersielle monokulturar. Hovudnæringa i området er deriomt turisme. På grunn av trehogst og arealbruk er skogen i dag berre ein brøkdel av det han ein gong var. I tillegg er skogen hardt råka av sur nedbør. Stormen Lothar rotvelta fleire kvadratkilometer med skog på fjelltoppane i 1999. Dermed vart mange av dei høge toppane heilt berre, og berre kratt og unge furutre er å finne der i dag.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Vinter i Schauinsland: Dei kjende «Windbuchen» bøketrea som er bøygd av vinden

Byane Freiburg og Baden-Baden er populære turiststader på vestsida av Schwardswald. I skogen finn ein byar og landsbyar som Bad Herrenalb, Baiersbronn, Freudenstadt, Gengenbach, Schramberg, Staufen, Titisee-Neustadt, Hausach og Wolfach. Andre populære destinasjonar er fjell som Feldberg, Belchen, Kandel og Schauinsland, innsjøane Titisee og Schluchsee, fossen Triberg (ikkje den høgaste, men den mest kjende fossen i Tyskland), og gjelet i elva Gooch.

Vogtsbauernhöfe er eit friluftsmuseum som viser livet til bønder i området på 1500- og 1600-talet. Deutsches Uhrenmuseum (det tyske klokkemuseet) i Furtwangen viser historia til klokkeindustrien og urmakarane.

Fasnet[endre | endre wikiteksten]

Den tyske høgtida Fastnacht, eller Fasnet som ho vert kalla i Schwarzwaldområdet, har ein i tida før Fasten. På Rosenmontag, eller mandagen før oskeonsdag, trekk innbyggjarane ut i gatene med masker.

Dei høgaste fjella[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Schwarzwald

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 48°00′N 8°15′E

Mittelgebirge

Bayerischer Wald | Böhmerwald | Eifel | Elbsandsteingebirge | Erzgebirge | Fichtelgebirge | Dei frankiske Alpane | Frankenwald | Harz | Hessisches Bergland | Hunsrück | Lausitzer Bergland | Oberpfälzer Wald | Odenwald | Pfälzerwald | Rhön | Sauerland | Schwabisk Alb | Schwarzwald | Spessart | Taunus | Thüringer Schiefergebirge | Thüringer Wald | Vogelsberg | Westerwald | Zittauer Gebirge