Huascarán

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Huascarán sett frå Yungay.

Huascarán er det høgste fjellet i Peru, 6 768 moh., og det fjerde høgste fjellet i Sør-Amerika. Det ligg i Huascarán nasjonalpark i Andes i Ancash-regionen i det nordlege Peru.

Huascarán er eit fjellmassiv med tvillingtoppar; ein nord og ein sørtopp. Den nordlege toppen har flest oppstigningar. Eit klatrelag med A. S. Peck, R. Taugwalder og G. zum Taugwald var dei første som nådde nordtoppen den 2. september 1908, medan P. Borchers, W. Bernhard, H. Hoerlin, E. Hein og E. Schneider var dei første på sørtoppen den 20. juli 1932.

I mai 1970 skjedde ein naturkatastrofe ved Huascarán då eit snø og steinskred utsletta byen Yungay med over 20 000 innbyggjarar. Skredet vart utløyst av eit stort jordskjelv som elles gjorde mykje skade i nordlege Peru.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.