Hubble-klassifikasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stemmegaffeldiagram for Hubbel-klassifikasjonen.

Hubble-klassifikasjonen er eit enkelt klassifikasjonsskjema for galaksar, ofte kalla Hubbles stemmegaffeldiagram. Klassifikasjonen vart innført av Edwin Hubble i 1925 og er enno i alminneleg bruk, sjølv om meir detaljerte skjema er utforma seinare. Galaksane vert inndelt i fire hovudtypar: elliptiske galaksar (E), normale spiralar (S), stavspiralar (SB) og irregulære galaksar (I). Kvar hovudtype er delt i undertypar, hovudsakleg etter forma, og ordna i ein serie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]