Hydraulikkaggregat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit hydraulikkaggregat er ei eining som er samansett for å levera olja til eit hydraulikkanlegg.

Den viktigaste delen av aggregatet er pumpa. Pumpa vert vanlegvis driven av ein elektromotor eller forbrenningsmotor, og har som oppgåva å setja olja i rørsle. Pumpa hentar då olja frå ein tank som høyrer til aggregatet. Ein har òg vanlegvis eit filter for å sikra at olja er rein nok og eitt eller fleire manometer for å kunna lesa av trykket i systemet og ein trykkavgrensingsventil som ein kan stilla inn maksimaltrykket med. I tillegg kan ein ha andre komponentar eller fleire av dei same komponentane, alt etter behov og storleik.

Hydraulikktanken[endre | endre wikiteksten]

Hovudoppgåva til tanken er å lagra olja som ein treng for å driva systemet. Men tanken har fleire oppgåver:

  • Kjøla ned olja.
  • Kompensera for volumendringar når komponentane i systemet har varierande forbruk.
  • Skilja ut luft, vatn og store partiklar ved at olja får liggja i ro ei stund, lufta går opp og vatnet og partiklane sig ned.
  • Tanken er ofte fundamentet til aggregatet.

Filter[endre | endre wikiteksten]

For å verna komponentar mot slitasje, må olja vera fri for partiklar. Dette oppnår ein ved å ha eit filter mellom tanken og pumpa. Når pumpa syg olja frå tanken, vil då ureiningar verta liggjande att i filteret. For å sjå når filteret må bytast, kan ein bruka ein differansetrykkindikator. Når skilnaden mellom trykket på kvar sida av filteret vert for stor, er det ein indikasjon på at filteret er tett og må bytast.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.