Hydraulikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prinsippskissa av eit hydraulisk system
Skjematisk oppsett over det same systemet

Hydraulikk er overføring av energi ved hjelp av væske. Vanlegvis brukar ein olja, men dihydrogenmonoksid kan òg brukast.

Hydraulikk vert brukt først og fremst når ein treng store krefter. Eit typisk bruksområde er anleggsmaskinar, der store hydrauliske sylindrar løftar, senkjer, tømmer, lukkar, opnar og utfører andre oppgåver. I dagleglivet møter ein gjerne hydraulikk i hydrauliske garasjejekkar og liknande utstyr.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Aggregat[endre | endre wikiteksten]

Eit hydraulikkaggregat leverer olja til arbeidselementa. Aggregatet er samansett av oljetank, hydraulikkpumpa, oljefilter, trykkmålarar, trykkavgrensingsventilar og eventuelt andre komponentar.

Styringar[endre | endre wikiteksten]

For å ha kontroll med anlegget nyttar ein ulike typar ventilar. Retninga på væskestraumane styrer ein med retningsventilar. Retningsventilar kan igjen vera styrte av trykk, manuelt med brytarar, elektrisk styrt (ved hjelp av magnetventilar og relé eller PLS) eller liknande. Trykket kan ein styra ved hjelp av ulike trykkventilar og sikkerheitsventilar. Strøyminga i anlegget styrer ein med volumstraumsventilar og tilbakeslagsventilar.

Arbeidselement[endre | endre wikiteksten]

Arbeidselementa er dei delane som utfører arbeidet. Hydrauliske sylindrar utfører lineære arbeidsrørsler og hydrauliske motorar ufører sirkulære rørsler.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]