Hypofyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av hypofysen i menneskehjernen.

Hypofysen (av hypo- og gr. 'vekst') er eit lite organ som ligg på undersida av hjernen i eit søkk i kraniet. Hos mennesket består hypofysen av ein framlapp og ein baklapp. Hos mange dyr finst også ein tydeleg mellomlapp.

Organet har dobbelt opphav i fosterlivet: Framlapp og mellomlapp oppstår som utbuktning frå taket i munnhola, baklappen er ei nedbukting frå hjernen. Med noko varierande utforming er hypofysen bygd som eit dobbeltorgan hjå alle virveldyr, også fiskane. Slimålar har framlappen som ein frittståande kjertel.

I framlappen blir det produsert ei rekkje hormon, mellom dei veksthormonet som er viktig for vekst og utvikling hjå ein organisme, medan dei andre er naudsynte for funksjonen til andre endokrine organ. Denne delen av hypofysen er på den måten overordna dei fleste av dei andre endokrine organa. Framlappen står på si side under kontroll av hypothalamus idet eit fint nett av blodårer fører visse hormon frå hypothalamus til framlappen. Baklappen er lagringsstad for to hormon som blir danna i hypothalamus (vasopressin og oksytocin) og som herfrå blir ført til baklappen og blir frigjorde herfrå etter behov.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hypofyse

Kjelder[endre | endre wikiteksten]