Virveldyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Virveldyr


Skjelett av virveldyret kvitnos (Lagenorhynchus albirostris).
Skjelett av virveldyret kvitnos (Lagenorhynchus albirostris).

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Vitskapleg namn
Vertebrata

Virveldyr, ryggbeinsdyr eller ryggradsdyr (Vertebrata) er den største gruppa innan ryggstrengdyr, med om lag 60 000 artar, og inneheld blant anna menneske. Ho er den best undersøkte dyregruppa, men totalt sett er ho nokså liten — berre 5 % av alle kjende artar, og ein halv prosent av alle antatte artar, er virveldyr.

Virveldyra skil seg frå resten av ryggstrengdyra ved at dei har danna ein ryggsøyle av brusk eller bein. Dei fleste har òg utvikla to par lemmer og ein hjernekasse.

Ein har spora virveldyr tilbake til ostracodermiar, primitive fiskar som levde under silurtida (444–409 millionar år sidan), og til conodontar, ei gruppe ålaktige dyr som hadde fleire par beinete tannplater.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Fleire endringar oppstod i stamarten til alle virveldyra, og har halde seg i meir elle mindre uendra form:

  • Eit indre bruskskjelett som verna om sanseorgana, svelget og ryggstrengen. Stamarten til virveldyra hadde òg beinplater i huda, eit såkalla dermalskjelett.
  • Gjellene blei til andedrettsorgan. Gjellene som hadde oppstått i den tidlegare stamarten til deuterostomiane hadde hatt som funksjonen å leia vatnet som hamna i tarmen under næringsopptak ut.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Virveldyra kan delast inn i grupper ut frå slektskap:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]