IEEE 802.11

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

IEEE 802.11 er ein serie med standardar for trådlause lokalnett i frekvensbanda 2.4, 3.6 og 5 GHz. Dei mest populære er IEEE 802.11b og 802.11g-standardane, som byggjer på den originale IEEE 802.11-1997-standarden. Den originalen standeren var den fyrste trådlause nettverksstandarden, medan IEEE 802.11b var den fyrste allment aksepterte. Han vart etterfylgt av IEEE 802.11g og 802.11n. Andre standardar i familien (c-f, h, j) er teneste-endringar og utvidingar, eller rettingar til dei tidlegare spesifikasjonane.

IEEE 802.11b og 802.11g nyttar 2,4 GHz ISM-bandet. På grunn av dette valet av frekvensband, kan 802.11b- og g-utstyr tidvis lide av forstyrringar frå mikrobølgjeomnar, trådlause telefonar og Blåtann-einingar[treng kjelde]. IEEE 802.11b og 802.11g nyttar direkte-sekvens-spreiddpektrum (DSSS), respektivt ortogonal frekvens-divisionsmultiplexing (OFDM), som begge er robuste mot støy og interferens. OFDM er spesielt robust mot multibaneinterferens. IEEE 802.11a nyttar 5 GHz U-NII-band, som har minst 23 ikkje-overlappande kanalar, i staden for 2,4 GHz ISM-frekvensbandet, der tilstøytande kanalar overlappar. Bitfeilraten (BER) varierer noko med frekvensområdet [1]

Den delen av radiospektret som vert nytta av 802.11 varierer frå land til land. Frekvensane som nyttast av kanalane éin til seks av 802.11b og 802.11g fell innanfor 2,4 GHz amatørradiobandet. Lisensierte amatørradiooperatørar kan operere 802.11b / g einingar i samsvar med del 97 av FCC-reglane og forskrifter med auka effekt, men ikkje med kommersielt innhald eller kryptering.

Standardar i IEEE 802.11-familien[endre | endre wikiteksten]

Standard År Omtale
802.11 1997 Grunnstandarden, opp til 2 Mbit/s både via radio i 2,4 GHz ISN-bandet og IR.
802.11a 1999 Vidareføring av 802.11 med opp til 54 Mbit/s via radio i UNII-bandet (5GHz).
802.11b 1999 Vidareføring av 802.11 med opp til 11Mbit/s via radio i 2,4 GHz ISM-bandet. Enkel og billeg teknologi, fyrste standar som oppnådde kommersiell suksess.
802.11c 2001 Vidareutvikla del av IEEE 802.11d.
802.11d 2001 Standard der aksesspunktet annonserar landskode slik at klientar kan tilpasse seg til landet sine lovlege radiokanaler.
802.11e 2005 QoS, ressurstildeling av breiband avhengig av innhald. WMM (Wireless Multi Media) er ein del av dette.
802.11f 2003 IAPP, standard for kommunikasjon mellom accesspunkter. Trekt attende i 2006.
802.11g 2003 54 Mbit/s, i 2,4 GHz ISM-båndet], bakoverkompatibel med 802.11b. Tilbyr det beste frå 802.11a og 802.11b.
802.11h 2004 Standard for dynamisk val av frekvens og avgrensing av utgongseffekten for å oppfylle reglane for 5 GHz-bandet i Europa.
802.11i 2004 Tryggleik for kontroll av tilgjenge og kryptering av 802.11, WPA2 er ein del av denne standarden.
802.11j 2004 Ei tilpassing for frekvenssoppdelinga i Japan.
802.11k 2007? Radioforbetringar med energisparing, under utvikling.
802.11l Reservert, kjem ikkje til å bli teken i bruk. Truleg pga. IEEE 802.111.
802.11m Underlagt dokumentasjon for 802.11-familien, under utvikling.
802.11n 2009? Oppe til standardisering. Skal gje "Ethernet-kapasitet", dvs 100 Mbit/s, og lengre rekkjevidd med uendra utsendt effekt. Nyttar mellom anna fleirantenneteknikk, MIMO. Mogeleg å kjøpe produkt allereie i dag, sokalla draft-n, som kan oppgraderast til endeleg standard når denne er ferdig.
802.11o Reservert, kjem ikkje til å bli nytta. Truleg pga. IEEE 802.110.
802.11p 2008? Wireless Access for the Vehicular Enviroment (WAVE).
802.11q Reservert, kjem ikkje til å bli nytta. Truleg pga. IEEE 802.1q.
802.11r 2007? Rask tilkopling («reassociation»).
802.11s 2008? ESS meshnettverk.
802.11t 2008? Wireless Performance Prediction (WPP), tilrådd for test og måling.
802.11u 20?? Internetworking med andre nett som GSM og WiMAX, under utvikling.
802.11v 20?? Standard for å tillate konfigurasjon av klientar.
802.11w 20?? Verna standard for å tillate konfigurasjon av klientar.
802.11x Reservert, kjem ikkje til å bli nytta. Truleg pga. IEEE 802.11x nyttast som namngjeving på alle 802.11.
802.11y 20?? 3650-3700 spesialstandard for USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ARRLWeb: Part 97 - Amateur Radio Service». American Radio Relay League. http://www.arrl.org/FandES/field/regulations/news/part97/. Henta 2010-09-27.