Indre energi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Indre energi er ein viktig storleik i termodynamikken. Dette er energien som finst i lukka mengder med stoff. I hovudsak termisk energi og kjemisk energi. Termisk energi er energi som materialet har på grunn av uordna rørsler av atom og molekyl. Kjemisk energi er ordna bindingsenergi til dei same partiklane.

Indre energi inkluderer ikkje energi som er avhengig av eksterne faktorar, som kinetisk energi og potensiell energi. Konvensjonelt vert heller ikkje masseenergi rekna som indre energi, sidan denne stort sett er uendra i termodynamiske og kjemiske reaksjonar.

U og E er vanlege symbol for indre energi, og SI-eininga er Joule.

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.