Indrefjorden i Vik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indrefjorden er ein fjordarm av Arnafjorden på sørsida av Sognefjorden i Vik kommune. Fjorden er 2 km lang og er den vestlege av dei to fjordarmane til Arnafjorden. Den austlege fjordarmen heiter Framfjorden.
Fjorden har innløp mellom bygda Arnafjord i nord og Vabergane i sør. Gardane Åse, Frettheim og Tenne ligg inst i fjorden. Fv92 går langs heile fjorden opp til Arnafjord.

