Innisfallen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ruinane av Innisfallen Kloster sett frå innsjøen.

Innisfallen er ei øy i Lough Leane, ein av dei tre Killarneysjøane i Republikken Irland.

Her ligg ruinane av Innisfallen Kloster, ein av dei mest imponerande ruinane frå tidleg kristen tid i Killarney nasjonalpark. Klosteret vart grunnlagd på 600-talet av St. Finian den spedalske og var i drift i om lag 700 år. I ein periode på 300 år vart Innisfallen-annalane skrive, som dokumenterer den tidlege historia til Irland, slik ho var kjend for munkane.

Ein meiner at klosteret på øya har gjeve namn til Lough Leane (irsk Loch Léin), som tyder «Lærdomsjøen».

Koordinatar: 52°02′45″N 9°33′13″W

Kjelde[endre | endre wikiteksten]