Innsjøen Tegernsee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tegernsee
Tegernsee - Fjellet Wallberg i nærleiken av innsjøen
Fjellet Wallberg i nærleiken av innsjøen
Stad Bayern i Tyskland
Koordinatar 47°43′18″N 11°44′12″EKoordinatar: 47°43′18″N 11°44′12″E
Tilsig Weißach, Rottach, Alpbach, Söllbach, Breitenbach, Zeisselbach
Utsig Mangfall
Tilsigsområde 212 km²
Største lengde 6,5 km
Største breidde 1,4 km
Overflateareal 8,934 km²
Middeldjupne 36,3 m
Største djupne 72,6 m
Vassvolum 0,324 km³
Hydraulisk opphaldstid 1,28 år
Høgd over havet 725,5 m
Øyar Ringsee-Insel
Busetnadar Tegernsee, Bad Wiessee

Tegernsee er ein innsjø i Dei bayerske alpane i Bayern i Tyskland. Innsjøen er ein populær feriestad i om lag 50 km sør for München. Fleire småelvar renn ut i Tegernsee frå eit tilsigsområde som dekkjer 212 km². Det einaste utsiget er elva Mangfall ved landsbyen Gmund. I sør av innsjøen ligg det to større bukter og den einaste øya i Tegernsee kalla Ringsee-Insel. Tegernsee er 6,5 km lang og på det breiaste 1,4 km, og utgjer eit areal på nesten 9 km². På det djupaste er innsjøen litt over 70 meter, og vasspegelen ligg 725 meter over havet.

Av byar langs innsjøen finn ein Tegernsee, Bad Wiessee, Gmund og Rottach-Egern.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]