Interferensfilter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Interferensfilter er eit optisk filter som slepp gjennom ljos innanfor eit smalt bølgjeband, svarande til ein særskild spektralfarge, medan dei øvrige bølgjelengdene vert sløkka ved interferens. Filtret blir bygd opp av lag med ulik tjukkleik eller med ulik brytingsindeks og skilt med halvgjennomsiktige sølvbelegg. Ljos som blir reflektert to gonger i eit lag, interfererer med det som går direkte gjennom. Berre når bølgjelengda er slik at han gjev konstruktiv interferens etter kvar refleksjon, slepp ljoset gjennom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

interferensfilter. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/interferensfilter