Spektralfarge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein spektralfarge er ein farge som kjem av ei enkel bølgjelengd av lys i det synlege spekteret, eller av eit relativt smalt band av bølgjelengder. Kvar bølgjelengd av lys er oppfatta som ein spektralfarge i eit kontinuerleg spektrum. Fargane til bølgjelengder som ligg nær nok kvarandre, er ikkje mogeleg å skilje frå kvarandre.

Spekteret er ofte delt opp i namn på fargar, men inndelinga er noko vilkårleg sidan spekteret er kontinuerleg. Tradisjonelle fargar er raud, oransje, gul, grøn, blå og rosa.

Inndelinga nytta av Newton i fargehjylet hans var raud, oransje, gul, grøn, blå, indigo og fiolett, som er dei tradisjonelle fargane i regnbogen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]