Internet Explorer
Internet Explorer (IE) er ein nettlesar utvikla av Microsoft Corporation. Den blir seld som ein del av operativsystemet Windows. Det er framleis den mest brukte nettlesaren, med om lag 53 % av marknaden (mai 2008).[1] IE blir levert som ein integrert del av Windows, noko som har førd til rettslege tvistar om konkurransevriding.
Internet Explorer er bygd på Spyglass, Inc. sin Mosaic-nettlesar som Microsoft lisensierte i 1995 for å konkurrere med Netscape i det som blei kalla «the browser wars». Avtalen var at Spyglass skulle få ein fast sum fire gonger i året i tillegg til ein avtalt prosent av Microsofts inntekter på nettlesaren. Sidan Microsoft gav ut nettlesaren gratis slapp dei med å betale minimumsbeløpet. Ein tvist i rettssalen mellom Spyglass og Microsoft i 1997 enda med eit forlik på 8 millionar USD til Spyglass.[2]
Internet Explorer har nynorsk grensesnitt frå og med versjon 7. Språkpakka kan lastast ned gratis frå Microsoft for dei som har ekte Windowslisensar.
Innhaldsliste |
Kompabilitet med standarar [endre]
Internet Explorer fyljer ikkje heilt W3C-standardane,[3][4] noko som har ført til problem både for brukarar og nettstadutviklarar.[5] Dette på trass av at Microsoft er med på å vedta W3C-standardane.[6]
Sikkerheit [endre]
Internet Explorer har lenge vore plaga med dårleg sikkerheit.[7], [8] Ei av dei største svakheitene er bruken av ActiveX, som tillet ein ondsinna nettstad å kjøyra eit program på maskina til den som vitjar nettsataden.[9][10]
Versjonar [endre]
| Utgjevingsdato | Hovudversjon | Underversjonar |
|---|---|---|
| August 1995 | 1 | Ingen |
| November 1995 | 2 | 2.0 og 2.0B1 |
| August 1996 | 3 | 3.0A1, 3.0B1, 3.0B2, 3.0 og 3.01 |
| Oktober 1997 | 4 | 4.0B1, 4.0B2, 4.0 og 4.01 |
| Mars 1999 | 5 | 5.0B1, 5.0B2, 5.0, 5.5B1 og 5.5 |
| Oktober 2001 | 6 | 6.0B1, 6.0, 6.0SP1 og 6.0SP2 |
| 18. oktober 2006 | 7 | 7.0 |
| Mars 2009 | 8 | Internet Explorer 8 lansert, tidlegare 8.0B1, 8.0B2 |
| 14. mars 2011 | 9 | Internet Explorer 9 lansert |
Kjelder [endre]
- ↑ http://www.w3schools.com/browsers/browsers_stats.asp
- ↑ http://www.winnetmag.com/Article/ArticleID/16683/16683.html
- ↑ Internet Explorer vs. the Standards
- ↑ Browser Support for CSS, InformIT
- ↑ Festa, P., Microsoft admits IE7 will fail standards test, Builder.au, 2/8-2005.
- ↑ HTML Working Group Charter, W3C.
- ↑ Broersma, M., Another huge security breach makes Explorer a liability, TechWorld, 30/6-2004.
- ↑ McCarthy, K., New Explorer hole could be devastating, InfoWorld, 28/1-2004.
- ↑ Luening, E., IE security hole could put surfers at risk, Cnet News, 25/8-1999.
- ↑ Engelking , E., ActiveX control hole in Internet Explorer, TechRepublick, 7/7-2000.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Internet Explorer
- Nynorsk språkgrensesnittpakke for Internet Explorer 7 for XP
- IEBlog - Weblog for utviklingsgruppa