Interrobang
|
‽
|
|---|
|
apostrof ( ' ) ( ’ ) Fordelingsmellomrom Parentesar |
Interrobang, ‽, er eit moderne og sjeldant brukt skiljeteikn i typografien. Teiknet er ei blanding av eit utropsteikn og eit spørjeteikn, og tyder det same som begge desse teikna brukt etter kvarandre, ein kombinasjon ofte brukt i uformell tekst. Til dømes vil Kva?! kunne erstattast av Kva‽.
Teiknet blei laga i 1962 av den amerikanske reklamemannen Martin K. Speckter, som håpte å kunne lage reklametekstar med eit sterkare uttrykk.
Innhaldsliste |
Å lage teiknet[endre]
Teiknsett[endre]
Få teiknsett har interrobang-teiknet, mellom desse er:
- Arial Unicode MS: ‽
- Palatino Linotype: ‽
- Lucida Sans Unicode: ‽
Unicode[endre]
Interrobang har Unicode-koden U+203D.
HTML[endre]
For å generere teiknet i HTML kan koden <span style="font-family:'Arial Unicode MS';">‽</span> (der "‽" er interrobang-teiknet sin Unicode–HTML-kode) nyttast.