Sitatteikn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
« »

Skiljeteikn

apostrof ( ' ) ( )
kolon ( : ) ( ː )
komma ( , )
tankestrek ( )
lang tankestrek ( )
bindestrek ( )
bindestrek‐minus ( - )
hard bindestrek ( )
utelatingsteikn ( )
ropeteikn ( ! ) ( ¡ )
punktum ( . )
halvhøgt punktum ( · )
interrobang ( )
ironiteikn ( ؟ )
spørsmålsteikn ( ? ) ( ¿ )
sitatteikn ( ‘ ’ ) ( “ ” ) (« ») (» «) (› ‹)
semikolon ( ; )
skråstrek ( / )
bakstrek ( \ )
lodrett strek ( | )
understrek ( _ )
aldusblad ( ) ( )
asterisk ( * )
asterisme ( )
kross ( )
dobbelkross ( )
innsettingssteikn ( ^ )
tilde ( ~ )
alinea ( )
listepunkt ( • ▪ ‣)


  Fordelingsmellomrom
hardt mellomrom (   )
mange fleire ( ) ( ) ( ) ( )


  Parentesar
parentes ( ( ) )
hakeparentes ( [ ] )
krøllparentes ( { } )
vinkelparentes ( 〈 〉 )
piggparentes ( ⁅ ⁆ )

v  d  e

Sitatteikn, hermeteikn eller gåsaugo («–», ‘–’, “ – ” ) er skriftteikn som blir brukte til å markere direkte tale og sitat, eller til å markere at ord har ein spesiell valør. I norsk typografi bruker ein helst «doble vinklar». Fordelen ved desse tradisjonelle sitatteikna er at folk som les norsk er vande med dei, og vidare at dei gir eit roleg skriftbilete, sidan dei ligg på høgde med x-en, «i x-høgda», og derfor ikkje gjer teksten unødvendig uroleg.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Den typiske bruken av sitatteikn er når ein vil markere direkte tale:

  • «Du far?» Alfemann ser ned på støypen. «Det er noko eg må fortella.»

Tilsvarande bruker vi sitatteikn for å markere ein sitert tekst:

  • «Larmen frå fridommen døydde. Togna var lyden som lenka oss saman?» (Kjartan Fløgstad i romanen «U3»). Dersom ord er utelatne frå slike sitat, skal vi markere det med utelatingsteikn: «Av kjøt og blod er håpet. […] Og håpet vårt var ikkje lysegrønt, men kvitt.»

I tekst set vi gjerne boktitlar og verktitlar i gåsaugo.

Vi set ord i gåsaugo for å markere at dei har ein spesiell valør:

  • Legen hadde gitt meg medisin. No var eg «frisk».

Sitat i sitat kan ein markere med andre sitatteikn, til dømes dei høge teikna ‘’ : «Legen hadde gitt meg medisin. No var eg ‘frisk’». Sitat i sitat i sitat kan ein markere med doble høge sitatteikn: “ og ”.

I lingvistikken er det vanleg at omtalte ord og uttrykk blir sette i kursiv, mens tydinga blir markert med ‘ ’:

  • «Sitat (frå latin citatum, av citare, ‘kalle fram’) er ei ordrett attgjeving».

Det er elles ulike meiningar om bruk av sitatteikn – og teikna blir brukt annleis i andre språk.

Sidan dei norske sitatteikna ikkje er å finne direkte på PC-tastaturet, er dei under press i skriftleg bruk. På nynorsk wikipedia finn ein dei d«oble vinklane» blant spesialteikna i redigeringsvindauget. I windows får ein «  ved å trykkje Alt+0171,  » ved å trykkje Alt+0187, ‘ ved å trykkje Alt+0145 og ’ ved å trykkje Alt+0146.


Kjelder:[endre | endre wikiteksten]