Ioniserande stråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ioniserande stråling er eit samleomgrep på stråling som kan slå elektron ut av atom slik at desse blir til ion.

Ein skil mellom direkte og indirekte ioniserande stråling. Stråling av ladde partiklar som elektron, proton og alfa-partiklar vil når dei går gjennom eit stoff etterlate seg spor av ion. Stråling av slike partiklar blir difor kalla direkte ioniserande. Gammastråling og stråling av nøytron og andre nøytrale partiklar som ved absorpsjon heilt eller delvis overfører energien sin til ladde partiklar, kallast indirekte ioniserande.

Radioaktive stoff sender frå seg ioniserande stråling av seg sjølve.

Biologisk verknad[endre | endre wikiteksten]

Ion er kjemisk reaktive og kan føra til skader på levande vev. Ut frå storleiken på dosen kan ioniserande stråling føra til celledød, strålesjuke og kreft.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Ioniserande stråling blir brukt innan helsevesenet for dei celledrepande eigenskapane sine, særleg innan strålebehandling av kreft. Strålinga blir då konsentrert til det sjuke området. Ein kan òg nytte ioniserande stråling til sterilisering av medisinsk utstyr som ikkje toler varme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]