Irisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Irisering hos sommerfugler i gruppen Morphidae

Irisering er refleks eller lysbryting i ei overflate, der det oppstår eit fargespel. Fargane blir endra etter vinkelen på lysbrytninga og fargane kan ha alle fargane i regnbogen. Irisering stammar frå gresk iris, som tyder regnboge.

Irisering kan framstellast kunstig. Slik kunstig irisering kan sjåast i glasurkeramikk og blir då kalla perlemorglans.

I naturen finst irisering, innvendig i perlemor i muslingar, av dette kjem namnet perlemorglans. Fleire insekt har fargar som irisederer. Vanlegvis finst det i den membrane delen av insektvengjer. Men òg vengjeskjel hos nokre sommarfuglar kan ha denne effekten. Irisering er òg vanleg i skjela på fisk. Eit kjent døme er regnbogeaure.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Irisering