Muslingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Muslingar


Blåskjel
Blåskjel

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Mollusca
Klasse: Bivalvia
Vitskapleg namn
Bivalvia

Muslingar er ei klasse blautdyr med todelte, symmetriske skal som er hengsla ved ryggen. Gruppa omfattar over 20 000 artar som finst både i ferskt, brakt og salt vatn. I Noreg kjenner me litt over 220 artar.

Muslingar skil seg frå andre blautdyr mellom anna gjennom at hovudet er sterkt redusert og manglar augo og raspetunge. Dei lever av plankton og detritus dei filtrerer or vatnet med gjellene sine, og fører det til munnen med ein rad flimmerhår. Muslingar som ligg på botnen tek vatnet inn gjennom skalopningane sine, medan gravande muslingar pumpar det gjennom gjellene med to frie eller samanvaksne siphonar («sugesnablar»).

Evolusjonshistoria til muslingane er særs uklar, og har vore gjenstand for debatt i over 50 år. I dag brukar ulike kjelder ulike klassifiseringssystem å dela gruppa inn etter. Nokre brukar fysiske karakterar i skjelet som basis for klassifisering, andre meiner indre organ eller økologi er dei viktigaste trekka ein bør setja opp systematikken etter.

Muslingar er vanlegvis særkjønna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Moen, Frank Emil & Svensen, Erling: Dyreliv i havet - Nordeuropeisk marin fauna Kom forlag 2003
  • Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer associates 2003
    Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.