Irritasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raud, irritert hud.
Foto: John Greene

Irritasjon er den fysiske eller mentale reaksjonen på ei plage.

Fysisk irritasjon kan koma av ein reaksjon mot eit kjemisk stoff, varme, stråling eller mekanisk stress, som eit slag mot huda. Bakterieinfeksjon kan òg føre til irritasjon, og til dømes gje ein sår hals. Irritasjon kan føra til raudning, opphovning og vabler i det irriterte området.

Dryppande vasskranar er kjende for å framkalla mental irritasjon.

Mentalt kan vedvarande smerter, ein viss situasjon eller ulike handlingar føra til irritasjon. Dersom irritasjonen ikkje går over kan den irriterte utvikla sinne. Bevisst skapt irritasjon kan brukast i erting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne medisinartikkelen som har med psykologi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.