Sinne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein gut skrik, kastar papir og knyter hendene i sinne.
Foto: José Serrano

Sinne er ei kjensle som kan oppstå som svar på oppfatta trugsmål eller plager, og kan føra til aggressiv framferd. Sinnet er ein naturleg reaksjon utvikla for å hanskast med trugsmål, og kan vera til hjelp gjennom å gje den som er sint auka styrke til å handla mot trugsmålet. Medan sinne kan vera eit forsøk på å få makt, kan det også vera eit uttrykk for maktesløyse.

Ein katt skyt rygg, viser tenner og stirrer på noko som gjer han sint.
Foto: Hannibal Poenaru

I kroppen kan sinne føra til høgare hjartefrekvens og blodtrykk, utvida pupillar og auka nivå av hormona adrenalin og noradrenalin. Individ kan visa sinne gjennom kroppsspråk, som ved å stirra, visa tenner, laga høge lydar eller prøva å sjå større og meir trugande ut. Menneske kan banna og krangla eller langa ut fysisk for å aktivt visa sinne, men kan også uttrykka sinnet på ein meir passiv måte, med stille hulking, spenning eller passiv-aggressiv åtferd.

Sint oppførsel kan brukast for å få tak i og verna om ressursar, sosial innverknad og status. På den andre sida kan sinne føra til uønskt vald og stress, og mange samfunn har derfor reglar for kva grad av sinne som er godteke. I katolsk tradisjon er vreide rekna som ei av dei sju dødssyndene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «anger», The Oxford Dictionary of Sports Science & Medicine. Oxford University Press, 2007. Oxford Reference Online. 8 January 2009
Spire Denne medisinartikkelen som har med samfunn å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.