Ivar Aasen-feltet

Koordinatar: 58°32′N 2°07′E / 58.54°N 2.12°E / 58.54; 2.12
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Aasen-feltet
Informasjon
Operatør Det norske oljeselskap
Produksjon Olje og Naturgass
Funnår 2008
Oppstart planlagt 2016
Geografi og geologi
Plassering Nordsjøen, sør for Granefeltet
Koordinatar 58°32′N 2°07′E / 58.54°N 2.12°E / 58.54; 2.12
Oljereservar 115 mill. fat olje
Havdjupne 110 m
Reservoarbergart Sandstein frå juratida og sein trias
Rettshavarar
Det norske oljeselskap 35 %

Statoil 50 %
Maersk Oil Norway 20 %

Ivar Aasen-feltet er eit oljefelt i Nordsjøen. Olje- og Energidepartementet kunngjorde den 10. september 2012 at funnet 16/1-9 Draupne vart gjeve feltnamnet «Ivar Aasen-feltet». Feltet vart kalla opp etter språkforskaren Ivar Aasen.

Plan for utbygging og drift (PUD) for feltet vart godkjend den 22. mars 2013, og produksjonsstart er planlagd seint i 2016.

Det norske oljeselskap er operatør for feltet. Planen er at feltet skal byggjast ut med ein oljeplattform som skal knytast til Edvard Grieg-feltet. I tillegg er dei to oljefunna 25/10-8 Hanz og 16/1-7 West Cable planlagt produsert via plattformen på feltet.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.