Ivar Aasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ivar Andreas Aasen
Olav Rusti-Ivar Aasen.jpg
Ivar Aasen, portrett av Olav Rusti
Nasjonalitet Norsk
Fødd 5. august 1813, Hovdebygda i Ørsta, Sunnmøre
Død 23. september 1896 (83 år)
Yrke Språkforskar, diktar og planteforskar

Ivar Andreas Aasen (5. august 181323. september 1896) var ein norsk språkforskar og diktar. Gjennom innsamlingsarbeid og systematisering la han grunnlaget for den vitskaplege utforskinga av norsk språk. Ivar Aasen er mest kjend for å vera opphavsmannen til landsmålet, opphavet til den moderne nynorsken.

Saman med Henrik Wergeland, Ole Gabriel Ueland og Johan Sverdrup var Aasen den leiande i den nasjonale og folkelege rørsla på 1800-talet.[1]

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Aasen var ein sunnmøring fødd i 1813 i Åsen i Hovdebygda i Ørsten, dagens Ørsta kommune, som son av Ivar Jonsson og Guri Jonsdotter Åsen.[2] Han var døypt Iver Andreas Aasen, forma «Ivar» kom i bruk omkring 1845. Han var yngst av åtte sysken og mista tidleg begge foreldra. Aasen måtte tidleg ta del i hardt gardsarbeid for å klara seg. Plassen han budde på, var isolert, og han hadde få vener. På fritida underheldt han seg derfor med å lesa i Bibelen. Han blei allereie som liten rekna som ein kvikk kar av både lensmannen og presten i bygda. Garden Ekset med Sivert Aarflots boksamling var berre 3 kilometer frå Åsen-garden. Aarflot hadde sjølv gjort observasjonar om slektskap mellom sunnmørsdialekten og gamalnorsk, og dette kan ha inspirert den unge Aasen.[3]

Ivar Aasen fotografert i 1884.

Aasen fekk utvikla lærdommen sin hjå prosten Hans Conrad Thoresen, der han avla «prosteprøve».[4] Thoresen var prost i Herøy og vart seinare Henrik Ibsens svigerfar. I åra 1833–35 las Aasen latin, historie, geografi, retorikk og diktekunst hos Thoresen med tanke på vidare studier (som han slo frå seg).[5] I 1831 blei han omgangsskolelærar før han etter kvart blei huslærar hjå kaptein Daae på Solnør (i Skodje). Det var truleg prosten Thoresen som fekk Aasen plassert hos slekta på Solnør.[6] Der hadde han mellom anna Ludvig Daae (Suzannah Ibsens søskenbarn) som elev 1835-1842.[7] Han utvida heile tida kunnskapen sin, mellom anna ved å læra seg fleire språk på eiga hand, og ved å laga ei fyldig plantesamling frå nærområdet. Medan han var på Solnør byrja Aasen òg å granska målføre, og tok først fatt på sin eigen sunnmørsdialekt.[8] Han fekk eit vanskeleg arbeid, ettersom han ønskte å finna fram til målføret før dansk påverking, men blei til sist ferdig med Den Sunnmørske dialekt, som blei gjeven ut i 1841.

I 1836 då han berre var 22 år gamal skreiv han det programmatiske essayet «Om vort Skriftsprog» (prenta første gong i Syn og Segn 1900). Stephen Walton kallar dette essayet ein «retorisk kraftprestasjon» og eit naturleg utgangspunkt for drøfting av Aasens livsverk.[9] I «Om vort Skriftsprog» skriv Aasen mellom anna:

« Vi trænge aldrig til at gaae udenom Grændserne efter et Sprog; vi skulde lede i vore Gjemmer, og see efter, hvad vi selv eiede, førend vi gik hen at laane af Andre. Ligesaa lidet, som det skulde hædre en fri Mand at aftrygle af Andre, hvad han selv havde Forraad af, ligesaalidet hædrer det os, at vi heller samle udenlandske Ord, end benytte dem, der almindelig kjendes og bruges i vore Bygder. (...)
Skal vi da, tænkte jeg, give Slip paa denne kostelige Skat fra Fortiden, som vore Forfædre gjennem alle sine Trængsler have troligen bevaret og overladt til oss om en hellig Arv? Skal dens Besiddelse, saa retfærdig som den er, endnu gjøres os stridig, nu, da Folkefriheden atter befinder sig mellem vore Klipper?»[10]

Aasen reiste til Bergen for å få arbeidet sitt vurdert av biskopen der, Jacob Neumann. Biskopen blei svært imponert, og fekk delar av arbeidet trykt i to nummer av Bergens Tidstidende. Neumann sørgde òg for å setja den unge språkforskaren i kontakt med Vitenskapsselskapet i Trondheim, som gav han eit stipend slik at han kunne reisa rundt og granska andre dialektar. Aasen var då 29 år.

Folk flest trur han var ein stakkars sunnmørsbonde som fór rundt og samla ord. Her ser me noko anna: Ein upplyst ergjerrig ung mann som er ute for å læra og øva storverk. Han tek inn på storfolks vis med sine dokument og anbefalingsbrev hjå alle stor-folk han veit er kunnskapsrike og har verdfulle bøker. Og hjå dei stoggar han då og arbeider i boksamlingane deira. So tek han seg turar ikring og talar med bønder og arbeidsfolk, men merk vel: han held dei for ålmuge. Rett nok tek han inn hjå brave upplyste bønder ogso, men serleg er han på jakt etter kapteinar og skrivarar og godseigarar, prestar som han veit har mange ‘latinske og videnskapelige bøger', som han segjer. Serleg grust er det å stana der det er gamalnorske og islandske bøker. Ivar Aasen var ein lærd verdensmann, det skynar eg no. Og slett ikkje folkesky. Han kunde ikkje vera det, utan hadde han ikkje fenge gjort det han gjorde.

Olav H. Hauge (Dagbok bd. 1)[11]

Sjølv om Aasen er mest kjend som språkforskar, gjekk han omkring 1859 inn i ein «offensiv fase» med politisk polemikk:

«Det er ingi naudtorv til at alle Embættsmenner skulo vera Utlendingar med framande Namn og Titlar og med eit framandt Maal; for det kann ingen prova, at detta Folkaslaget skulde hava mindre Vit og Næme en alle dei andre, so at det alltid laut hava framande Folk til at styra Landet.»[12]


Språksamling[endre | endre wikiteksten]

I essayet «Om vort Skriftsprog» (1836) tar Aasen til orde for å lage eit nytt «Hovedsprog» som ikkje er basert på ein enkelt dialekt, men eit grunnlag for alle dialektar. For å oppnå dette ville han lage ordsamlingar «for enhver af Landets større Provindser» og:

«Disse Ordsamlinger skulde indsendes til et Selskab, oprettet af sprogkyndige Mænd, som skulde anstille Sammenligninger og gjøre Udvalg, og efterat saaledes Hovedsproget var bestemt, skulde dette Selskab udarbeide en fuldstændig norske Ordbog, med tilsvarende Grammatik.»[13]
«– – Vort Skriftsprog er derimod indkommet udenfra, og endskjønt det i lang Tid har været anvendt og udviklet af Norske og Danske i Fællesskab, er det alligevel ikke norsk, men kun sideordnet og nærbeslægtet med det Norske.»
Aasen i fortale til Det norske Folkesprogs Grammatik

I fire år reiste han rundt i Noreg og skreiv ned ord og uttrykksmåtar. Han dekte over fire hundre mil, men reisepengane tok slutt før han fekk vitja Nord-Noreg. Målføra nord for Helgeland kom derfor ikkje med i studiet i fyrste omgang. Men i løpet av tjue år skulle han fortsetja å reisa, mellom anna til Tromsø, og han vitja over halvparten av alle kommunane i landet. Når han ikkje reiste, budde språkforskaren i Kristiania.

I 1848 gav Aasen ut Det norske Folkesprogs Grammatik. To år etter kom Ordbog over det norske Folkesprog. Denne inneheldt over 25 000 ord og blei skildra av P.A. Munch som eit nasjonalt meisterverk. I 1849 presenterte Aasen den første teksten på det nye skriftspråket, og fire år etter kom han med utkastet til det nye norske landsmålet: Prøver af Landsmaalet i Norge.

Oppgåva til Aasen var å skapa eit ekte norsk skriftspråk med minst mogleg påverking frå dansk. Derfor tok han utgangspunkt i landlege dialektar som hadde meir til felles med norrønt. På den andre sida ville han gjerne ha eit språk som folk flest kunne kjenna igjen som norsk, og ikkje islandsk, og han søkte samsvar med dansk og svensk der han kunne.

Landsmålet[endre | endre wikiteksten]

Ivar Aasen utvikla eit landsmål — eit språk for heile landet — som bygde på det norske folkespråket. Ivar Aasen sitt landsmål vart sterkt prega av bygdefolk sitt kvardagsspråk — det språket som nasjonalromantikaren P. A. Munch omtalte som «plat» og «pøbelagtigt». Nasjonalromantikarane hadde ønskt seg eit meir arkaisk språk. Men Aasen villa skape eit fellesspråk, og det metodiske arbeidet for å skape mest mogleg regelrett samsvar mellom språket og kvar av dialektane, fekk til følgje at fellesformene ofte tilsvarte dei røtene dialektane hadde til felles i dei gammalnorske formene. Men Aasen hadde som prinsipp at der nesten alle dialektar hadde endra seg frå det gammalnorske, skulle ikkje det nye landsmålet følgje gammalnorsk. Det var hos bøndene ein fann det ekte nasjonale språket som frå eit nasjonalt perspektiv hadde rett til den fremste plassen, meinte Aasen. Medan dansk-norskens stilling i Noreg bygde på makt, tvang eller vald, hadde landsmålet ein naturleg eller legitim rett.[14]

Aasen sette opp ei ny og sjølvstendig målform, men tok omsyn til dei andre skriftmåla i Norden. Eit grunndrag i norma som Aasen sette opp, var den kløyvde endinga i bunde hokjønn eintal: «visa», men «soli». Av di ein skulle syne samanhengen med grunnforma «trygg», måtte ein skrive «trygt», endå uttala var «trykt». Han heldt på mange konsonantar som ikkje fanst i talemålet, slik at han etter opphavet skreiv «djup» og ikkje «jup», «huset» og ikkje «huse».

Aasen meinte at dei dialektane som best hadde teke vare på formrikdom og ordtilfang frå det gamle norske språket, var dei beste. Dette synet sette sitt preg på landsmålet. Etter kvart som landsmålet vart teke i praktisk bruk, valde folk likevel å skrive eit språk med færre grammatiske former og med større innslag av lånord frå andre språk.

Kristiania[endre | endre wikiteksten]

«Ofta minnest eg mi gamle Grend,
naar eg framand uti Verdi stend,
heimlaus, frendelaus og litet kjend,

og likar paa Leiken illa.»
Frå «Gamle Grendi», Symra

Aasen busette seg i Kristiania i 1847 , og vart buande der i nær femti år, til han døydde. Han var smålåten og stillfarande, og både i dikting og sakprosa tok han parti for dei små i samfunnet.

Ivar Aasen gav ofte uttrykk for at han kjende seg einsam, utan familie og skild både frå bondekulturen han voks opp i, og frå borgarskapskulturen som han vegra seg mot å bli ein del av.

Verka til Aasen[endre | endre wikiteksten]

Minnestøtte over Aasen på Vår Frelsers gravlund i Oslo (Foto: Chris Nyborg)

Språkforskaren[endre | endre wikiteksten]

Med Det norske Folkesprogs Grammatik (1848) innleidde Ivar Aasen den vitskaplege utforskinga av moderne norsk. Hans Norsk Grammatik frå 1864 er på mange felt, særleg innan morfologi, framleis ein standardreferanse. Ivar Aasens Norsk Ordbog : med dansk Forklaring i 1873 er fundamentet norsk leksikografi kviler på.

Diktaren[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til språkskriftene sine gav Ivar Aasen ut fleire skjønnlitterære verk, mellom anna ei samling av eventyr og segner, syngespelet Ervingen frå 1855, og diktsamlinga Symra frå 1863. Eit av dei mest kjende dikta hans er «Nordmannen» (Millom bakkar og berg). Aasen omsette og utanlandske dikt, mellom anna av Lord Byron og Heinrich Schiller.

Ludvig Daae karakteriserte diktaren som «en af de mest alsidigt begavede Mennesker jeg har truffet paa. Stor Sprogkyndig, mere end middelmaadig Poet, fin musikalsk Sands. Humor, Lune og mimisk Begavelse.» Aasen ynskte at dikta skulle syngjast, difor kalla han dei «visor». Og visene til Ivar Aasen slo ned i den folkelege songtradisjonen.

Ivar Aasen heldt seg strengt til skriftnorma når han dikta. Han var lingvist når han forma strofer, og han hadde det poetiske språket i tankar når han skreiv grammatikk.

Planteforskaren[endre | endre wikiteksten]

Samlinga av rundt 500 vekstar frå Ørskog og Skodje som Aasen hadde gjort i ungdommen og klassifisert etter Linné sitt system la, saman med namneforskinga, grunnlaget for artikkelen «Norske Plantenavne» frå 1860. Samlinga har sidan gjeve eit godt bilete av sunnmørsfloraen på Aasen si tid. [15]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Språkvitskap[endre | endre wikiteksten]

Annan sakprosa[endre | endre wikiteksten]

Litteratur:[endre | endre wikiteksten]

  • Samtale imellem to Bønder (1849)
  • I Marknaden (1854)
  • Ervingen (1855)
  • Symra (1863, nye utgåver 1867 og 1875)
  • Sidste Kvelden (1887)

Omsette prosastykke:[endre | endre wikiteksten]

Samlingar av publiserte og upubliserte tekstar[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Aasens utvalgte skrifter, ved Vetle Vislie (1896)P.T. Mallings Boghandels forlag
  • Norske Minnestykke (1923) – posthum samling av folkeminnetekstar (eventyr, viser, ordtak)
  • Brev og Dagbøker (1957-1960) Brev, dagbøker, eit utval av brev til Ivar Aasen og endel andre etterlatne tekstar.
  • Skrifter i samling. Trykt og utrykt (3 bind, 1911-12). Sist utgitt i ett bind 1996. ISBN 82-05-24464-2
  • Reise-Erindringer og Reise-Indberetninger 1842-1847 (utg. 1917)
  • Vitskaplege og litterære verk (nettutgåve, Aasentunet)

(For fullstendig bibliografi, sjå Aasentunet)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ivar Aasen
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ivar Aasen

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Garborg, Arne, Anders Hovden og Halvdan Koht 1913: Ivar Aasen : granskaren, maalreisaren, diktaren : ei minneskrift um livsverket hans. utgjeven av Sunnmøre frilynde ungdomssamlag. Kristiania : Norli
  • Hjorthol, Geir 1997: Forteljingar om Ivar Aasen : Aasen-resepsjonen i fortid og notid. Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet. nr 2. Volda : Høgskulen i Volda
  • Hoel, Arve 1984: Ivar Aasen: «Norsk grammatik 1864» : om Ivar Aasens setningslære, hans valg av terminologi og framstilling av objektet. Valderøy. Hovedoppgåve i nordisk - Universitetet i Trondheim, 1984 I.
  • Hovden, Anders 1913: Ivar Aasen i kvardagslaget. Trondheim. ISBN 82-521-4642-2
  • Krokvik, Jostein 1996: - Ivar Aasen: diktar og granskar, sosial frigjerar og nasjonal målreisar. Bergen, 1996. ISBN 82-7834-005-6
  • Krokvik, Jostein 1996: Ivar Aasen: diktar og granskar, sosial frigjerar og nasjonal målreisar [Bergen] : Norsk bokreidingslag
  • Munch, P.A. 1873: Anmeldelse : Det Norske folkesprogs grammatik af Ivar Aasen. 1831-Marts 1849 Samlede Afhandlinger s. 360-374
  • Myhren, Magne 1975: Ei Bok om Ivar Aasen : språkgranskaren og målreisaren. Orion-bøkene 170. Oslo : Det norske Samlaget
  • Myhren, Magne 1975: Ivar Aasen: Millom bakkar og berg Bokklubbens lyrikkvenner
  • Osland, Erna 1996: Ivar Aasen: ei historie om kjærleik. Teikneserie illustrert av Arild Midthun. Samlaget, 1996 ISBN 82-521-4766-6
  • Venås, Kjell 1996: Då tida var fullkomen. Oslo, 1996. ISBN 82-7099-251-8
  • Venås, Kjell 200. Ivar Aasen og universitetet. Oslo, 2000 ISBN 82-90954-12-3
  • Walton, Stephen J. 1987: Farewell the spirit craven: Ivar Aasen and national romanticism. Oslo : Samlaget
  • Walton, Stephen J. 1991: Ivar Aasens nedre halvdel. Oslo : Samlaget
  • Walton, Stephen J. 1996: Ivar Aasens kropp. Oslo : Samlaget. ISBN 82-521-4531-0

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ernst Sars sitert av Jens Johan Hyvik, Norsk tidend, nr 1, 2013.
  2. Volda ministerialbok, Konfirmerte 1828
  3. Bruaset, Oddgeir (1999): Sunnmøre og sunnmøringen. Det norske samlaget.
  4. http://ibsen.uio.no/REGINFO_peIvAa.xhtml
  5. http://ibsen.uio.no/REGINFO_peIvAa.xhtml lese på nett 9.februar 2013.
  6. Bruaset, Oddgeir (1999): Sunnmøre og sunnmøringen. Det norske samlaget.
  7. http://snl.no/.nbl_biografi/Ludvig_Daae/utdypning
  8. Bruaset, Oddgeir (1999): Sunnmøre og sunnmøringen. Det norske samlaget.
  9. Dag og Tid 4.januar 2013 s.33.
  10. Frå essayet "Om vort Skriftsprog" januar 1836, prenta i Syn og Segn 1900, dette sitatet frå Dag og Tid 4.januar 2013 s.33
  11. Sitert i Dag og Tid, 6. september 2013.
  12. Sitert frå Minningar fraa Maalstriden, av Jens Johan Hyvik, Norsk tidend, nr 1, 2013.
  13. Frå essayet "Om vort Skriftsprog" januar 1836, prenta i Syn og Segn 1900, dette sitatet frå Dag og Tid 4.januar 2013 s.33
  14. Hyvik, Jens Johan (2013): Ivar Aasen og teorien om to kulturar. Norsk tidend, nr 1, 2013.
  15. aasentunet.no, uio.no