Ivars Godmanis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ivars Godmanis (heilt til venstre) på eit møte mellom den latviske regjeringa og representantar for USA

Ivars Godmanis (fødd 27. november 1951) er ein latvisk politikar, og var statsminister i Latvia frå 7. mai 1990 til 3. august 1993, og igjen frå 20. desember 2007 til 12. mars 2009]]. Han leiar det liberale partiet Latvijas Ceļš (Den latviske veg).

Godmanis vart fødd i Riga. Han var den første ikkje-kommunistiske statsministeren i Latvia etter den sovjetiske okkupasjonen då han tok over vervet i 1990, som medlem av Den latviske folkefronten (Latvijas Tautas Fronte), den breie sjølvstenderørsla. Han vart òg den første statsministeren i det sjølvstendige Latvia då landet forlet Sovjetunionen i 1991. Han var seinare finansminister frå 1998 til 1999, etter å ha blitt med i Latvijas Ceļš i 1997.

Ved parlamentsvalet 7. oktober 2006 fekk Latvijas Ceļš 8,6 % av røystene, og vart med i ei koalisjonsregjering saman med det konservative Tautas Partija (Folkepartiet) og to andre parti, under statsminister Aigars Kalvītis. Godmanis vart innanriksminister. I november 2007 måtte Kalvītis gå av, og Godmanis vart ny statsminister i desember, i ei koalisjonsregjering basert på dei same partia. Tidleg i 2009 måtte han gå av som ei følgje av den internasjonale finanskrisa, som råka Latvia hardt.