Iwo Jima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Iwo Jima, frå kring 2000

Iwo Jima (japansk 硫黄島 Iōtō, eller Iōjima, som tyder «svoveløya») er ei vulkansk øy som er ein del av Japan. Øya ligg kring 650 nautiske mil (1200 km) sør for Tokyo (24.47°N, 141.290°E). Øya er mest kjend for slaget om Iwo Jima mot slutten av andre verdskrig. Slaget vart utkjempa mellom USA og Japan i februar og mars 1945.

Øya har ei flatevidd på om lag 21 km². Det 166 meter høge Suribachi-fjellet (òg kalla Suribachiyama), ein gamal sovande vulkan, dominerer øya.

Suribachi-fjellet på Iwo Jima

Militærbase[endre | endre wikiteksten]

Den japanske marina driv i dag ei flybase på øya. Flyplassen vert nytta av det japanske luftforsvaret og militære frå USA.