Tokyo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
東京 (Tōkyō)
Tokyo, ei natt i 2006
Tokyo, ei natt i 2006
Flagget til Tokyo Byvåpenet til Tokyo
Flagget til Tokyo Byvåpenet til Tokyo
Styresmakter
Land
Japan
Guvernør Yōichi Masuzoe
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Vatn

2,187.08 km²
  1.0 % av totalarealet i km²
Innbyggjarar
 - By (2010)
   - folketettleik

13,010,279
  5796/km²
Tidssone UTC + 9 (UTC+ 9)
Diverse anna
Nettstad: metro.tokyo.jp
Plassering
Map of Japan with highlight on 13 Tokyo prefecture.svg

Tokyo er hovudstaden i Japan, og den største byen i landet. Ti prosent, ca. 13 millionar, av innbyggjarane i Japan bur i Tokyo. Byen dannar saman med Yokohama og Kawasaki det største byområdet i verda med litt over 37 millionar innbyggjarar. Tōkyō ligg på Kantō-sletta på austsida av Honshū.

Tokyo er forretnings-, handels- og industrisenteret i Japan så vel som i Asia. Mange av dei som jobbar i byen bur ofte i telt i parkar, men i helgene drar dei heim til familiane som bur utanfor byen. Årsaka til dette er at bustads- og leigeprisane i byen er svært høge.

To elver renn gjennom byen. Den eine er Sumida som renn frå nord til sør og ut i Tokyo-vika. Den andre er Tama som renn frå vest til aust. Tama er også grensa mellom Tokyo og nabobyen Kawasaki.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då byhistoria tok til fekk byen namnet Edo, som tyder 'elvemunning' på japansk. Den gong var den ein liten by, men då bygginga av slottet starta i Tokyo i 1457 starta byen å vekse.

Då Tokugawashogunatet blei danna i 1603 fekk Edo status som regjeringsby, sjølv om keisaren framleis budde i Kyoto. Derfor hadde Kyoto framleis status som den formelle hovudstaden. Då shogunatet fall i 1868 gav keisaren orde om at byen skulle byte namn til Tokyo, 'den austlege hovudstaden'. Kyoto var framleis 'den vestlege hovudstaden', men nå fekk Tokyo status som formell hovudstad. Likevel blei ikkje Tokyo allment akseptert som hovudstaden før i 1869.

Utsikt over Tokyo, juli 2002

1. september 1923 blei byen ramma av eit stort jordskjelv der opp mot 70 000 menneskje mista livet. Byen blei øydelagd av brannar som starta etter jordskjelvet. Trass i denne katastrofen bygde ein opp byen igjen og innbyggjartalet voks fram til starten på andre verdskrig. Dei første bombene over Tokyo blei sleppt 18. april 1942 og bombinga varte fram til slutten på krigen i 1945. Dette resulterte i at folketalet blei halvert. Det mest omtalte bombeangrepet skjedde 10. mars 1945, som førte til at mange menneskeliv gjekk tapt. Etter slutten på krigen plasserte dei allierte okkupasjonskontoret sitt i den øydelagde byen, og oppbygginga kom raskt i gang.

På grunn av desse tragiske hendingane, har ikkje byen mange historiske kulturminne frå før andre verdskrig.

I 1964 var Tokyo vert for dei Olympiske Sommarleikene.

1970-talet auka folketalet drastisk då mange arbeidarar flytta frå landsbygda til byen. Dette, saman med den raskt veksande økonomien, gjorde Tokyo til ein storby. Dette la grunnlaget for den økonomiske bobla som sprakk på slutten av 1980-talet.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Skyskraparar i Tokyo

Tokyo er det største økonomiske senteret i Japan. Dei fleste bank-, forsikrings-, finans-, medie- og telekommunikasjonsfirma i Japan har hovudkontor i byen. Trass i at Japan framleis ikkje har kome seg etter bankkrisa på slutten av 1980-talet, er Tokyo ein av dei leiande økonomiske motorane i Asia.

Føretak med hovudkontor i Tokyo[endre | endre wikiteksten]

Geografi og administrative divisjonar[endre | endre wikiteksten]

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Tokyo er oppdelt i 23 distrikt (特別区), alle med sine eigne borgarmeistrar og bystyre. Dei ligg igjen under Tokyo Metropolitan Government.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Satellittfoto av Tokyo tatt av Landsat 7.

Til vest for dei 23 distrikta består Tokyo av byar (shi), som har ein liknande juridisk status som byar andre stader i Japan. Desse er for det meste brukt som «sovebyar» for dei som jobbar i Tokyo, men nokre har også ein lokal kommersiell og industriell base. Samla blir desse byane ofte omtala som Vest-Tokyo.

Distrikt, byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Lengst vest finst distriktet (gun) Nishitama. Store delar av dette området er fjell og ikkje passande for urbanisering. Det høgaste fjellet i Tokyo, Mount Kumotori, ligg her og er 2 017 m høgt. Andre fjell i området er Mount Takasu (1 737 m), Mount Odake (1 266 m) og Mount Mitake (929 m). Okutamasjøen er den største innsjøen.

Øyer[endre | endre wikiteksten]

Izu-øyane, i sør, er ein del av Tokyo.

Øyene som ligg utanfor Tokyo er så langt vekke som 1 850 km frå det sentrale Tokyo. På grunn av avstanden øyane har til byen, er dei styrt lokalt av avdelingar av Tokyo Metropolitan Government. Dei fleste øyane er klassifisert som landsbyar.

Izu-øyane; Oshima, Miyake, Hachijo.

Ogasawara-øyane. Ogasawara inkluderer, frå nord til sør, Chichi-jima, Nishinoshima, Haha-jima, Kita Iwo Jima, Iwo Jima og Minami Iwo Jima. Også inkludert er to små utanforliggande øyar: Minami Torishima (det sørlegaste punktet i Japan med ein avstand på 1 850 km frå det sentrale Tokyo), og Okino Torishima. Iwo-beltet og dei utanforliggande øyane er for det meste utan busetjing, men det er små lokale busetjingar på dei tre øyane nærmare Honshu.

Tempel og palass[endre | endre wikiteksten]

  • Keisarpalasset. Shinto-palasset til Keisar Meiji Jingus frå 1912. Det er berre opent for vitjande to dagar i året 1. januar og 23. desember. Det er omkransa av 100 000 eksotiske tre.
  • Meiji-tempelet. Eit tempel som blei bygd i perioden 1867-1912. Store delar av tempelet blei øydelagd under 2. verdskrig, men er nå gjenoppbygd i sin originale stil.
  • Asakusa Kannon-templet. Det eldste buddist-tempelet i Tokyo.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kjente område[endre | endre wikiteksten]

  • Ginza. Dette området har enorme shoppingsenter og restaurantar med svært kostbar mat. Her ligg òg Kabuki-teateret (sjå over).
  • Asakusa. Området er prega av smale, små gatestumpar. Asakusa-tempelet ligg i dette området (sjå over).
  • Chiba. Eit område som ligg ved Tokyo hamn. Her ligg blant anna eit stort akvarium og Tokyo Disneyland.
  • Vest-Tokyo har to nasjonalparkar; Chichibu-Tama, som ligg i Nishitama og Meiji no Mori Takao, som ligg rundt Mount Takao sør for Hachioji.

I det sørlege Tokyo ligg nasjonalparken Ogasawara.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tokyo