Jacobo Arbenz Guzmán
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacobo Arbenz Guzmán (14. september 1913–27. januar 1971) var ein guatemalansk politikar fødd i Quetzaltenango i Guatemala. Han var president i landet frå 1951 til 1954.
Guzmán vart styrta i eit statskupp organisert av CIA og erstatta med Carlos Castillo Armas. Den 27 januar 1971 vart Guzmán funne død på badet sitt i Mexico by i Mexico. Omstenda kring døden hans er framleis uklåre.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Jacobo Arbenz Guzmán» frå Wikipedia på svensk, den 26. november 2006.