Mexico by

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ciudad de México
Paseo de la Reforma. Til venstre er den høgste bygningen i Mexico, Torre Mayor
Paseo de la Reforma. Til venstre er den høgste bygningen i Mexico, Torre Mayor
Flagget til Mexico by Byvåpenet til Mexico by
Flagget til Mexico by Byvåpenet til Mexico by
Styresmakter
Land
Føderalt distrikt
Mexico
Mexico by
Grunnlagd 1325 (som Tenochtitlan)

1521 (som Mexico by)

Geografi
Plassering
Plassering av  Mexico by

Mexico by er hovudstaden og den største byen i Mexico. Tidlegare heitte byen Tenochtitlan. Byen ligg sentralt i Mexico, på eit platå som ligg 2 200 meter over havet. Byen er omgjeven av fleire vulkanar som rager opp til 5 500 meter over havet.

Eit kallenamn på Mexico by er la Ciudad de los Palacios, 'palassbyen'.

Sjølve sentrum av byen høyrer til administrativt Det føderale distriktet i Mexico (Distrito Federal, D.F). Forstadene til byen ligg i ti kommunar i den omliggande staten Estado de México. Det bur om lag 8,5 millionar menneske i Distrito Federal, men med forstader er innbyggjartalet nesten 18 millionar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mexico by vart grunnlagt av den spanske conquistadoren Hernán Cortés i 1521. Byen vart lagt på ruinane til aztekar-byen Tenochtitlan, som Cortés nett hadde øydelagt.

Byen fungerte som hovudsete for visekongedømet Mexico frå 1525 til 1810, då området var ein spansk koloni. Etter Mexico sitt sjølvstende har Mexico by fungert som hovudstad i landet Mexico.

Byen har i det 20. århundre hatt ein eksplosiv vekst i innbyggjartalet. I 1950 hadde Mexico by 3 millionar innbyggjarar. I 2000 hadde byen 18 millionar innbyggjarar, og veksten i innbyggjartalet har no flata ut.

Mexico by var vertsby for dei 19. olympiske sommerleikane i oktober 1968.