Jan Bos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan Bos i 2006

Jan Bos (fødd 29. mars 1975) er ein nederlandsk skøyteløpar og syklist. I 1998 vart han verdsmeister i sprint under VM på skøyter i Berlin, samstundes som han hamna på andre plass på 1000 meter under Vinter-OL I Nagano. Fire år seinare vann han nok ei gong sølv på same distansen, bak landsmannen Gerard van Velde.

I 2004 deltok Jan Bos i lagsprint under Sommar-OL i Athen saman med broren Theo Bos, som fekk sølv på den individuelle sprinten. Brørne hamna på ein sjette plass, etter å ha bli slått av japan.