Vinter-OL 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vinter-OL 2006
2006 Olympics Opening Ceremony.jpg
Vertsby Torino i Italia
Nasjonar 85
Idrettsgreiner 15
Opna 10. februar 2006, av Carlo Azeglio Ciampi
Avslutta 26. februar 2006
Utøvarar
Menn 1389
Kvinner 787
Totalt 2176
Dei olympiske vinterleikane

Dei 20. olympiske vinterleikane vart haldne i 2006 i Torino i Italia. Det var andre gong Italia arrangerer vinter-OL, første gong var i Cortina d'Ampezzo i 1956. Det vart tredje OL i Italia til saman, ettersom sommar-OL 1960 gjekk i Roma.

20 000 frivillige var involvert i leikane, dei tok imot utøvarane, tilskodarane og journalistane, og gjorde i stand arenaene til tevlingane.

Tevlingane vart arrangert i sju ulike byar: Torino, Bardonecchia, Cesana Torinese, Pinerolo, Pragelato, Sauze d'Oulx og Sestriere.

Maskotane var Neve og Gliz. Neve (it. 'snø') er ein kvinneleg snøball, og Gliz er ein energisk mannleg isbit.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Pål Trulsen, som deltok i curling.

Valet av arrangørstad[endre | endre wikiteksten]

Torino fekk leikane i første rekkje i konkurranse med Sion i Sveits. Under IOK-kongressen i Seoul i 1999 blei Torino valt til arrangør i siste røysterunde med 53 mot 36 røyster. Helsingfors i Finland, Poprad-Tatry i Slovakia, Zakopane i Polen og Klagenfurt i Austerrike fall ut tidlegare i stemmeperioden. Sion var den store favoritten, derfor var det overraskande at Torino vann. At italienarane trekte det lengste strået kan blant anna ha hatt samanheng med at Roma tapte konkurransen om sommarleikane i 2004 i konkurranse med Athen.

Kalender[endre | endre wikiteksten]

Dato: 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26
Seremoniar
Aking
Alpint
Bob
Curling
Freestyle
Hurtigløp på skøyter
Ishockey
Kombinert
Kortbaneløp på skøyter
Kunstløp
Langrenn
Skeleton
Skihopping
Skiskyting
Snøbrett
Dato 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26

Den norske troppen[endre | endre wikiteksten]

Noreg deltok med 74 deltakarar i OL i Torino. Sjå norske deltakarar i Vinter-OL 2006.

Noreg tok 19 medaljar totalt, av desse var 9 bronse, 8 sølv og berre 2 gull. Dette var det svakaste resultatet sidan Vinter-OL 1988 og skapte ein debatt i media etter OL om kva som gjekk gale. Det var særleg langrennsløparane som presterte under det som var forventa på førehand. Desse nordmennene tok medalje:

Alpint:

Freestyle:

Kombinert:

Langrenn:

Skihopping:

Skiskyting:

Snøbrett:

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Medaljestatistikk[endre | endre wikiteksten]

(etter 84 av 84 øvingar)

Dei beste landa
Nr. Land G S B Totalt
1 Tyskland Tyskland 11 12 6 29
2 USA USA 9 9 7 25
3 Flag of Austria.svg Austerrike 9 7 7 23
4 Flag of Russia.svg Russland 8 6 8 22
5 Flag of Canada.svg Canada 7 10 7 24
6 Sverige Sverige 7 2 5 14
7 Sør-Korea Sør-Korea 6 3 2 11
8 Sveits Sveits 5 4 5 14
9 Italia Italia 5 0 6 11
10 Frankrike Frankrike 3 2 4 9
Nederland Nederland 3 2 4 9
12 Estland Estland 3 0 0 3
13 Noreg Noreg 2 8 9 19
14 Kina Kina 2 4 5 11
15 Tsjekkia Tsjekkia 1 2 1 4
16 Kroatia Kroatia 1 2 0 3
17 Australia Australia 1 0 1 2
18 Japan Japan 1 0 0 1
19 Flag of Finland.svg Finland 0 6 3 9
20 Flag of Poland.svg Polen 0 1 1 2
21 Flag of Bulgaria.svg Bulgaria 0 1 0 1
Kviterussland Kviterussland 0 1 0 1
Flag of Slovakia.svg Slovakia 0 1 0 1
Storbritannia Storbritannia 0 1 0 1
25 UKraina Ukraina 0 0 2 2
26 Latvia Latvia 0 0 1 1

Poengfordeling[endre | endre wikiteksten]

(etter 84 av 84 øvingar)

Nr. Nasjon Poeng
1 Tyskland Tyskland 210
2 Flag of Canada.svg Canada 186
3 USA USA 173,5
4 Flag of Austria.svg Austerrike 152
Flag of Russia.svg Russland 152
6 Noreg Noreg 141,5
7 Sverige Sverige 99,5
8 Sveits Sveits 93
9 Italia Italia 91
10 Frankrike Frankrike 79
11 Sør-Korea Sør-Korea 70
12 Kina Kina 68
13 Nederland Nederland 63
14 Flag of Finland.svg Finland 62
15 Tsjekkia Tsjekkia 31
16 Japan Japan 26,5
17 Estland Estland 23
18 Kroatia Kroatia 21
19 Kviterussland Kviterussland 16
20 Storbritannia Storbritannia 14
Australia Australia 14
22 Flag of Poland.svg Polen 13
23 UKraina Ukraina 9
24 Flag of Bulgaria.svg Bulgaria 8
25 Flag of Slovakia.svg Slovakia 79
26 Latvia Latvia 8
27 Ungarn Ungarn 5
28 Flag of Slovenia.svg Slovenia 3
Spania Spania 3
Flag of Cyprus.svg Kypros 3
31 Liechtenstein Liechtenstein 1
Kasakhstan Kasakhstan 1

Poenga er rekna ut slik: Gull: 7 poeng, sølv: 5 poeng, bronse: 4 poeng, 4. plass: 3 poeng, 5. plass: 2 poeng, 6. plass: 1 poeng

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vinter-OL 2006
Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.