Jan Guillou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan Guillou

Jan Oscar Sverre Lucien Henri Guillou (fødd 17. januar 1944) er ein svensk journalist og forfattar fødd i Södertälje i Stockholms Län. Utanfor heimlandet er Jan Guillou mest kjend for bokserien om den svenske agenten Carl Hamilton, som er filmatisert og vist mellom anna på norsk TV. I tillegg til den har den historiske romanserien om krossfararen Arn Magnusson og hans innverknad på historia til det svenske kongeriket vore på bestseljarlistene i fleire land.

Guillou kom først i søkelyset som journalist i 1973, då han - saman med kollegaen Peter Bratt - avslørte eksistensen av det svenske Informationbyrån (IB), og deira omfattande overvaking av venstreradikale svenskar gjennom etterkrigstida, kjend som IB-affären. For si rolle i avsløringa vart Guillou dømt til fengsel for spionasje.

På slutten av 1990-talet tufta Guillou det frittståande bokforlaget Piratförlaget saman med Sigge Sigfridsson, Liza Marklund og kona Ann-Marie Skarp. Forlaget har no òg fått eit norsk systerforlag, som Guillou publiserer bøkene sine på; Piratforlaget.

Guillou skriv regelmessig for det svenske Aftonbladet, og er ein annerkjend deltakar i samfunnsdebatten. Han har opp gjennom åra stått fram med mykje krass kritikk av samfunns- og medieutviklinga i Sverige, og på det viset heile Vesten.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Bøker omsette til norsk bokmål[endre | endre wikiteksten]

Soga om Arn Magnusson:

  • 1998 Veien til Jerusalem
  • 1999 Tempelridderen
  • 2000 Riket ved veiens ende
  • 2001 Arven etter Arn
  • 2002 I Arns fotspor (faktabok med føreord av Jan Guillou)

Bøker om Hamilton:

  • 1986 Coq Rouge - Rød Hane
  • 1987 Den demokratiske terroristen
  • 1988 I nasjonens interesse
  • 1990 Fiendens fiende
  • 1991 Den aktverdige morderen
  • 1992 Vendetta
  • 1993 Ingenmannsland
  • 1994 Siste seier
  • 1995 I Hennes Majestets tjeneste
  • 1996 Hevet over enhver mistanke
  • 1997 Hamlon
  • 2006 Madame Terror
  • 2008 Men ikke hvis det gjelder din datter

Andre bøker:

  • 1993 Ondskapen
  • 2002 Heksenes forsvarere
  • 2005 Tyvenes marked
  • 2007 Den Indre Fiende

På svensk:[endre | endre wikiteksten]

  • 1974 Det stora avslöjandet
  • 1982 Berättelser från Det nya riket
  • 1990 Gudernas Berg