Södertälje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°11′56.911″N 17°38′33.612″E

Södertälje byvåpen

Södertälje er ein svensk by i Stockholms län i landskapet Uppland. Södertälje er administrasjonssenter for Södertälje kommune og i 2008 hadde byen 60 279 innbyggjarar. Södertälje fekk bystatus ca. 1370. Byen ligg mellom Strängnäs, Stockholm og Nyköping der Mälaren renn ut i Austersjøen gjennom Södertälje kanal.

Marenplan i Södertälje
Södertälje Kommune

Historie[endre | endre wikiteksten]

Södertälje ca. 1700

Innflytningen til Södertälje byrja på 600-talet under den førhistoriske tida i Sverige då landhevinga hadde gjort den noverande Södertälje kanal så grunn at han ikkje lengre var farbar med skip. Sidan ein så byrja å slepe skipa over det tronge neset med handkraft byrja ein del å slå seg ned ved staden og deretter kom fleire til sidan det vart eit knutepunkt.

I vikingtida byrja ein å kalle Södertälje for «Mälarens lås» ut ifrå all den båttrafikk til og frå sjøen som var tvinga til å passere på denne staden. Den omfattande trafikken med jernvarer frå Bergslagen til Nederland og Tyskland blei frakta med skip som passerte Södertälje.

Det nøyaktige årstalet når Telge, som staden vart kalla, fekk privilegia sine som by er ikkje kjend, men dei fleste er i dag samde om at dei ikkje skjedde før 1386. Nokre historikarar meiner likevel at det kunne ha skjedde så tidleg som 1000. Første gongen Södertälje er nemnt i dei skriftlege kjeldene er 829 då misjonæren Ansgar vitja Birka.

Slottsholmen er ei øy i den noverande Södertälje kanal. Han ligg rett utanfor bydelen Brunnsäng, omkring tre kilometer nord for bykjernen. Her ligg fogdeborga frå mellomalderen, Telge Hus, som vart oppført på 1300-talet. Herfrå vart Telge län, som omfatta Öcknebo, Hölebo og Svartlösa administrert. Arkeologiske utgravningar har vist at borga ein gong var omgjeve av ei vollgrav og dessutan sperrar med trepåler som strekte seg over store delar av Linasundet.

Mellom 1434 og 1436 leia Engelbrekt Engelbrektsson og Karl Knutsson Bonde eit opprør mot Kalmarunionen og Erik av Pommern. Kongen sin fogder vart fordrivne frå borgene sine som deretter vart brunne. For å sikre den viktige handelen i Mälaren freista Engelbrekt å grave ein kanal gjennom Telge, eit arbeid som aldri vart avslutta. Med ein kanal ville trafikken mellom Austersjøen og Mälaren bli leda forbi det unionstro Stockholm. Engelbrekt lova fleire viktige handelsstader fritt leide gjennom Telge. Dette synest å ha opprørt fogden Bengt Stensson Natt og Dag (ein riddertittel) som opphavleg var ein av Engelbrekts tilhengarar. Stensson beslagla eit tysk handelsskip, og fekk sett Telge Hus i brann ved ein av sine næraste menn, Erik Kettilsson Puke. I 1448 vart Karl Knutsson Bonde konge og han fekk då sett i gang arbeidet med å oppføre ein borg på slottsholmen. Den nye borga fekk namnet Karlsborg. På slutten av 1400-talet mista borga mykje av tydinga si og vart difor forlate. Tidleg på 1500-talet blir Telge Hus skildra som «omkullfallen».

Det første kjende namnet på Södertälje var Tælgia eller Tælga (andre variantar er Tcelghia, Tcelge). Nokre meiner at dette orda kan førast tilbake til eit forsamisk ord «nes eller landtunge mellom to vatn». Andre meiner at forklaringa ligg i ordet «Tälja». I Södertäljes tilfelle meiner ein altså dei smale vikane mellom Austersjøen, Mälaren og sjølve byen. Namnet vart seinare modernisert og byen vart kalla for «Telge». Dette namnet blir nytta fram til 1622 då ein legg til ordet «söder» (sør) for skilje byen frå Norrtälje som ligg 11 mil mot nordaust. I og med bokstaveringsreformen som vart gjennomført på byrjinga av 1900-talet vart Södertelge endra til Södertälje. Namnet «Telge»/«Tälje» lever derimot vidare og er i dag namnet på fleire plassar og føretak i byen. Mellom dei finst Telgekoncernen, bydelen Tälje og òg det tidlegare Täljegymnasiet.

Frå byrjinga har byen nytta Olav den heilage (S:t Olof) i sigillet «sitt» (segl). På byrjinga av 1600-talet vart den norske helgenen rekna som umoderne og ein valde då å leite etter andre potensielle kandidatar som byen sin skytshelgen. Valet fall på den heilage Ragnhild (Sankta Ragnhild) – truleg på grunn av Sankta Ragnhilds kyrkje som enno står på Stortorget.

Tidleg på 1700-talet blei Södertälje råka av pest, forutan å bli involvert i den store nordiske krigen. Dei russiske troppane som slo leir ved Igelstaviken brann ned ein tredjedel av byen. Ein del viktige byggverk vart likevel berga, som Sankta Ragnhilds kyrkje. Etter dette fall innbyggjartala til byen til under 200 personar. Då rådhuset vart gjenoppført seinare, blei ein forgylt inskripsjon sett opp på ein tavle i bygningen. Skrifta, som no finst verna i stadsarkivet, lyder:

Här har jag fagert grönskat långt öfver tusend' åhr.
Af Helga Drottning Ragnhilds jag mig berömma får;
Hon byggde "upp min kyrkia, här har hon ock sin graf
Emellan Mälarns vikar och Beltens salta haf.
Thet visa svenska skrifter och gamla permebref
Att riksdag tio gånger häruti hållen blef.
Jag 1650 af våda kom i brand;
Men 1719 af Ryssens mordska hand;
Min kyrkia blef bevarat igenom himblens mackt,
Mitt rådhus begge gånger, värdto uti aska laggt;
Men then och all min byggnad ånyo färdig blef,
När tusen och sjuhundra och trettiofem ein skref;
Mitt bröd jag tungt förvärfvar uti mitt lilla bo.
Men lätt om jag får tjena min Gud och Kung med roo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Södertälje