Jan Roar Leikvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Roar Leikvoll

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. juni 1974
Bergen
Død

1. august 2014 (40 år)

Yrke Forfattar
Periode 2008-
Debut Eit vintereventyr
Nettstad janroarleikvoll.com
Jan Roar Leikvoll (til høgre) i samtale med Endre Ruset.

Jan Roar Leikvoll (7. juni 19741. august 2014) [1][2] var ein norsk skjønnlitterær forfattar frå Frekhaug i Nordhordland.[3]

Leikvoll gjekk i 2002/2003 årskurset ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.[4] Han skreiv på nynorsk og debuterte på Det Norske Samlaget i 2008 med romanen Eit vintereventyr.[5] Før det hadde han i 2000 gitt ut diktsamlinga Balanse på eige forlag.[6][7] For andreromanen Fiolinane fekk Leikvoll Nynorsk litteraturpris i 2010.[8] Han har også motteke Sigmund Skard-stipendet[9], Bjørnsonstipendet[10] og Stig Sæterbakkens minnepris[11][12].

Jan Roar Leikvoll etterlét seg fleire ufullenda tekstar. Ein av desse tekstane vart redigert av David Aasen i forlaget Det Norske Samlaget på grunnlag av mellom anna samtalar han hadde hatt med forfattaren, og utgjeven i 2015 som boka Forkynnaren[13].

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Alle bøkene er utgjevne på Det Norske Samlaget i Oslo:

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Forfattar Jan Roar Leikvoll er død
  2. ««Jan Roar Leikvoll»». forfatterkatalogen.no. Henta 16. februar 2012. 
  3. «Fiolinane». Årets bøker 2010. Oslo: Det Norske Samlaget. 2010. s. 37. 
  4. ««Tidlegare studentar»». Nettstaden til Skrivekunstakademiet i Hordaland. Henta 16. februar 2012. 
  5. ««Jan Roar Leikvoll»». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Henta 16. februar 2012. 
  6. ««Jan Roar Leikvoll: BALANSE. Dikt»». egenbokforlaget.no. Henta 16. februar 2012. 
  7. ««SAMBOK: 1677775744»». SAMBOK, Nasjonalbiblioteket. Henta 16. februar 2012. 
  8. 8,0 8,1 ««Nynorsk litteraturpris til Jan Roar Leikvoll»». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Henta 16. februar 2012. 
  9. 9,0 9,1 ««Skard-stipend til Leikvoll»» (PDF). Norsk Tidend nr. 4 2010, s.3. Henta 16. februar 2012. 
  10. 10,0 10,1 ««Bjørnsonstipendet 2011 til Jan Roar Leikvoll»». Nettstaden til Bjørnsonfestivalen. 31. august 2011. Henta 16. februar 2012. 
  11. 11,0 11,1 Morten Sæle (4. september 2013). «Leikvoll fekk Stig Sæterbakkens minnepris». Nettstaden til avisa Nordhordland. Henta 4. september 2013. 
  12. 12,0 12,1 Ane Linn Ringstad (4. september). ««Stig Sæterbakkens minnepris 2013 tildelt Jan Roar Leikvoll»». forlagsliv.no. Henta 5. september 2013. 
  13. Sjå føreordet i Forkynnaren
  14. «Samlagsprisen til Leikvoll», Artikel Bok365 14. august 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]