Jan Siberechts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Landleg scene, ca 1665-70
Eit utsyn over Bayhall i Pembury i Kent

Jan Siberechts (16271703) var ein flamsk landskaps- og sjangermålar, som fyrst i ettertid har fått eit større namn. Han var fødd i Antwerpen og døydde i London.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Siberechts var son til ein skulptør med same namn. Sjølv vart han målarmeister i 1649. Han er særleg påakta for sine landskapsmåleri med figurar, verk som Bondegard (1660), Landskap med ei kyrkje (1666), Landskap med ei slumrande gjetarjente, Landleg scene og Kanallandskap. Talet på verk som vert tilskrive Siberechts har gjennom nyare granskingar auka mykje. I 1672 reiste han til England og budde der resten av livet.

Mange kunstvitarar oppfattar Siberechts landskapskunst som ein flamsk parallell til kunsten åt hollendaren Nicolaes Pieterszoon Berchem og elevane hans, men både i val av motiv og som kolorist skil Siberechts seg mykje frå dei. I staden for å ta det italienske eller pseudo-italienske landskapet med si glødande atmosfære som norm, slik Berchem-elevane gjorde, måla Siberechts landskapet i heimlandet, og det oftast i ein mørk tone, noko som bidreg til å framheve den klare sølvtonen i lufta. Særskild framifrå er han i si behandling av lyset, der han oppnår ei strålande friskheit. Hans fint plasserte figurar er utmerkt teikna, og han har med stor framgang prøvd seg også som sjangermålar. Til dømes eit elegant Interiør frå 1671, som i ein kjølig fargetone syner ei mor ved vogga, ei jente som sopar, samt på veggane to karakteristiske landskap av Siberechts .

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jan Siberechts