Janne Rydberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Janne Rydberg (8. november 1854–28. desember 1919) var ein svensk fysikar.
Han var professor i fysikk i Lund 1901–1919, og utførde grunnleggjande arbeid i spektroskopi. Dei nøyaktige målingane hans av spektrallinjene sine bølgjelengder førde til ordninga av linjene i seriar og medverka vesentleg til utviklinga av atomfysikken. Den grunnleggjande konstanten i spektralteorien for atoma blir kalla etter han rydbergkonstanten.
Kjelder [endre]
- Janne Rydberg. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Janne_rydberg
