Jeff Sonas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jeff Sonas er ein sjakk-statistikar som har har utarbeidd ratingsystemet Chessmetrics for å rekne ut ratingtal for sjakkspelarar. Han hevdar at systemet er ei forbetring av det vanlege Elo-rating-systemet. Han er grunnleggar av og eigar av nettstaden Chessmetrics.com, der han har offentleggjort sine kalkulasjonar over rating til spelarar frå notida og bakover, og med historiske ratingtal heilt tilbake til januar 1843.[1] Sonas skriv at han «Sidan sommaren 1999 har eg brukt tallause timar på å analysere sjakkstatistikk, utarbeidd formlar og anna analyseverkty, og rekna ut historiske ratingtal»[2] Han har skrive dusinvis med artiklar sidan 1999 for ChessBase.com og andre sjakk-nettstadar.[3]

Den mest interessante delen av arbeidet hans er nok at han har utarbeidd rimeleg gode tal for å finne relativ spelestyrke mellom dei beste spelarane i verda på eit kvart tidspunkt frå 1843. Derimot er det svært problematisk å bruke tala for å samanlikne spelestyrken til spelarar til ulike tider.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ratinglista for januar 1843. Vitja 7. juni 2009.
  2. Velkommen til Chessmetrics. Vitja 7. juni 2009
  3. Man vs machine - who is winning? Artikkel 8. oktober 2003. Vitja 7. juli 2009.