Jengish Chokusu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jengish Chokusu sett frå nord

Jengish Chokusu (kirgisisk: Жеңиш Чокусу), eller i Kina Tomur Feng (kinesisk: 托木爾峰 / 托木尔峰), er med sine 7 439 meter over havet det høgste fjellet i Tian Shan og Kirgisistan. Fjellet, som er dekt av isbrear, ligg på grensa mellom Kirgisistan og Folkerepublikken Kina, aust for innsjøen Issyk-Kul og ca 15 km sør for Khan Tengri, den nest høgste fjelltoppen i Tian Shan.

Toppen av Jengish Chokusu vart truleg nådd fyrste gongen i 1956, då medlemer av ein ekspedisjon leia av Vitalij Abalakov kleiv til topps. Likevel kan det vere at Leonid Gutman, Jevgenij Ivanov og Aleksandr Sidorenko nådde toppunktet allereie 19. september 1938.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]