Jens Olsens verdensur

Koordinatar: 55°40′32.1″N 12°34′10.0″E / 55.675583°N 12.569444°E / 55.675583; 12.569444
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framsida av Jens Olsens verdensur
Baksida av Jens Olsens verdensur

Jens Olsens Verdensur er namnet på eit avansert astronomisk ur som er sett opp inne på Københavns Rådhus i København i Danmark.[1][2] Det vart utforma av Jens Olsen (1872–1945), ein dansk urmakar, låsesmed og astromekanikar. Han hadde vore i Strasbourg, der han blei fasinert av det astronomiske uret som er i domkyrkja der, og tok utførlege notat. [3] Olsen var med på byrjinga av konstruksjonen av uret, men døydde 10 år før det stod ferdig.[4]

Uret er mekanisk og syner timar, minutt, måne- og solformørking, plassering av stjernene på himmelkvelven, og har dessutan ein uendeleg kalender. Det er sett saman av 12 verk som til saman har 15 448 delar.[3][5] Det raskaste tannhjulet går rundt med ein fart på ein omgang kvart tiande sekund, det seinaste med ein omgang på 25 753 år.[2][5]

Utrekningane som ligg føre for uret vart gjort fram til 1928, og vart så kontrollert av astronomen, professor Svante Elis Strömgren.[5] Teikningane til uret vart laga i 1934-1936,[6] og bygginga av uret gjekk føre seg frå 1943 til 1955.[7] Jens Olsen døydde før uret var ferdig, og det vart hans næraste medarbeidar, urmakar Otto Mortensen, som fullførte dei naudsynlege utrekningane og teikningane, og stod for bygginga av uret, som han fekk ordenen Riddar av Dannebrog for i 1955. Uret vart sett i gang 15. desember 1955 av kong Frederik IX i lag med Birgit, det yngste barnebarnet til Jens Olsen.[2]

Uret viser følgjande[endre | endre wikiteksten]

  • Mellomeuropeisk tid.[3]
  • Middelsoltid, sann soltid og stjernetid for København, tidsekvasjon og kombinasjon av tidsekvasjon og lokalkonstant.
  • Middelsoltid for diverse geografiske lengdegradar.
  • Meridianpassasjane til stjernene og tidene for soloppgang og solnedgang.
  • Nøyaktigheita og innverknaden nøyaktigheita har på visninga av opp- og nedgang av stjernene.
  • Meridianpassasjar til sola og solopp- og solnedgang.
  • Månefasane.[3]
  • Geometriske lengder til sola og månen.
  • Leiet til månebana og tidspunkta for komande sol- og måneformørkingar.
  • Lengda av månebana.
  • Avstanden mellom sola og dei store planetane.
  • Ein heilautomatisk gregoriansk kalender som kvar nyårsnatt klokka 00.00 reknar ut alle dei kronologiske elementa i kalenderen. Solsirkel, indiksjon, gulltal, epakt, vekedagar og dei flyttbare heilagdagane i det komande året (påske, pinse osb.) vert markerte i kalenderen.
  • Årstal, vekedag, dato, månad og dagnummer i den 7980-årige julianske perioden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jens Olsens verdensur». Københavns Museum (på dansk). Arkivert frå originalen 23. august 2019. Henta 27. august 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Welin, Charlotte (15. desember 2005). «Det kan gå i 520.000 år endnu». Berlingske (på dansk). Henta 1. oktober 2016. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «The Story of The Astronomical Clock». ateliera.dk. Henta 1. oktober 2016. 
  4. Pedersen, Olaf (18. juli 2011). «Jens Olsen». Den Store Danske. Gyldendal. Henta 1. oktober 2016. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Astromekaniker Jens Olsen» (på dansk). kagaard.dk. Henta 1. oktober 2016. 
  6. «15. december 1955 Et forældet mesterværk tages i brug». Dagbladet Arbejderen. 15. desember 2011. Arkivert frå originalen 20. august 2017. Henta 1. oktober 2016. 
  7. Rasmussen, Gunner (15. desember 2012). «Jens Olsens Verdensur». Den Store Danske. Gyldendal. Henta 1. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Otto Mortensen, Jens Olsens ur, Teknologisk Instituts Forlag, 1957
  • Salmonsens Leksikon-Tidsskrift, 15. årgang, nr. 12, s. 887-896.

55°40′32.1″N 12°34′10.0″E / 55.675583°N 12.569444°E / 55.675583; 12.569444