Strasbourg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strasbourg
Munster und die Stadt von Strassburg 2.jpg
Flagget til Strasbourg Byvåpenet til Strasbourg
Flagget til Strasbourg Byvåpenet til Strasbourg
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Alsace
Bas-Rhin
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Urbant
 - Storbyområde

78,26 km²
222 km²
1 331,5 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

272 800
  3 486/km²
427 245 (1999)
612 104 (1999)
Koordinatar 48°35′04″N 07°44′55″EKoordinatar: 48°35′04″N 07°44′55″E
Høgd over havet 143 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: www.strasbourg.fr
Plassering
Strasbourg map.png

Strasbourg (elsassisk: Strossburi; tysk: Straßburg, tidlegare Strassburg) er ein by nordaust i Frankrike, hovudstad og største by i regionen Alsace og hovudstad i EU. Storbyområdet til Strasbourg hadde i 1999 om lag 650 000 innbyggjarar. Byen ligg nær grensa til Tyskland, og er prefecture (hovudstad) i departementet Bas-Rhin.

Strasbourg er mellom anna sete for Europarådet, Den europeiske menneskerettsdomstolen, Den europeiske ombudsmannen, Eurokorpset, Europeisk audiovisuelt observatorium, men mest kjend er Europaparlamentet, sjølv om enkelte parlamentssesjonar òg vert halde i Brussel. Strasbourg er eit viktig industrisenter, og eit knutepunkt for både vegar, jernbane og elvar. Hamna i Strasbourg er den nest største på Rhinen etter Duisburg i Tyskland. Byen er sete for Commission Centrale pour la Navigation du Rhin.

Strasbourg sitt historiske senter, Grande Île («Stor øy») har vore på UNESCO si verdsarvliste sidan 1988. Dette var første gong eit heilt bysenter vart sett på lista. Strasbourg har ei vakker blanding av fransk og tysk kultur (alemannisk), og vert rekna som knutepunkt for samhald mellom det moderne Frankrike og Tyskland.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet på byen er ei franskifisert utgåve av det germanske Straßburg og tyder «by ved vegkryss». Det moderne Stras- er kognat til det originale tyske Straße/Strasse (gate), medan -bourg er kognat til det tyske -burg («festning, borg») og det engelske borough (bykommune).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Strasbourg ligg ved elva Ill, der ho munnar ut i Rhinen, ved grensa til Tyskland. Den tyske byen på andre sida av Rhinen heiter Kehl. Byen ligg i Rhindalen, om lag 20 km aust for Vogesane, og 25 km vest for Schwarzwald. Vind som kjem frå begge desse retningane vert som regel stoppa, og sommaretemperaturen kan verte svært høg. Desse naturlege barrierane fører òg til at Strasbourg er den franske byen med mest luftforureining, men mindre tungindustri og meir effektiv trafikkregulering i og rundt byen har byrja å vise gode resultat.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Erkebispedømet Strasbourg si domkyrkje

Romarane etablerte ein militær utpost om lag der byen ligg i dag, som vart kalla Argentoratum. Frå 300-talet var han eit bispesete. På 400-talet busette alemannarar, hunarar og frankarar seg i byen. Han vart i 1262 ein del av Det tysk-romerske riket, og var eit viktig kommersielt senter i mellomalderen. Katedralen i Strasbourg vart ferdigstilt i 1439 og var då den høgaste bygningen i verda. På 1520-talet var Martin Luther aktiv i Strasbourg, og hans tilhengjarar etablerte eit universitet her i det følgjande hundreåret.

Strasbourg vart annektert av Frankrike i september 1681. Den offisielle, intolerante religiøse politikken som førte til at mange franske protestantar flykta frå Frankrike (mest til Prøyssen) fekk likevel ikkje så stor påverknad i Strasbourg, sjølv om protestantar vart utelukka frå offentlege embete. Byen haldt fram å vere sterkt prega av tysk kultur; på byrjinga av 1770-talet studerte Goethe her, og byen vart eit krystalliseringspunkt for den litterære rørsla Sturm und Drang. Med veksten i handel og industri vart byen sitt folketal tredobla på 1800-talet til rundt 150 000.

Byen vart igjen ein del av Tyskland da Preussen vann den fransk-preussiske krigen i 1871, men vart i 1919 avstått til Frankrike. Han vart så tysk igjen igjen frå 1940 og fransk igjen fra 1945.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Strasbourg