Jigme Khesar Namgyal Wangchuck
Jigme Khesar Namgyal Wangchuck (fødd 21. februar 1980) er den femte Druk Gyalpo (Drakekongen) i Bhutan, etter at dagens statsskikken vart innført av tippoldefaren hans i 1907. Han overtok trona etter faren 15. desember 2006, to år tidlegare enn opphavleg varsla. Ein kroningsseremoni fann stad 6. november 2008.
Namgyal er eldstesonen til Jigme Singye Wangchuck og kona Ashi Tshering Yangdon. Han har to yngre heilsøsken, og fire halvsøstrer og tre halvbrør som er barn til dei tre andre konene til faren. Namgyal er ugift.
Han har studert ved Cushing Academy og ved Wheaton College, i Massachusetts før han tok eksamen ved Magdalen College ved Oxford University. Han studerte ved the Foreign Service Program og har ein mastergrad i statsvitskap[1]. Som kronprins reiste han mykje i utlandet, og han deltok i arbeidet i fleire kulturelle, sosiale og økonomiske organisasjonar.
Faren Jigme Singye Wangchuck sa i desember 2005 at han ville abdisere i 2008, og overlate trona til kronprinsen. Han sa og at arbeidet med å føre over ansvar og oppgåver ville bli ein løpande prosess[2]. Eit år seinare kunngjorde kongen sin umiddelbare abdikasjon.
Referansar [endre]
- ↑ His Royal Highness Crown Prince Dasho Jigme Khesar Namgyal Wangchuck
- ↑ BBC, "Bhutan king announces abdication", 18. Desember, 2005
Bakgrunnsstoff [endre]
- Om den bhutanske kongefamilien på nettstaden keystobhutan.com
- Nasjonaldagstalen til kongen av Bhutan i 2005
- Om den bhutanske kongefamilien på nettstaden raonline.ch
- Om den bhutanske kongefamilien på nettstaden bhutannewsonline