Jigme Thinley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lyonpo Jigme Yoser Thinley (fødd i Bumthang i 1952) er statsminister i Bhutan frå 2008.

Thinley er leiar for partiet Druk Phuensum Tshogpa (Bhutans anstendige parti) som vann valet i Bhutan 2008, det første demokratiske valet i landet. Partiet vann 44 av 47 seter i det nye underhuset, og Thinley vart 9. april 2008 utnemnd til landets første folkevalde statsminister [1] [2][3].

Han har to gonger tidlegare (1998-99 og 2003-04) vore statsminister under den gamle statsskikken, da kongen styrte eineveldig, og statsministertittelen roterte mellom regjeringsmedlemma. Han var utanriksminister 1998-2003, og innanriksminister 2003-08.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]