Johann F. Meckel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johann F. Meckel

Johann Friedrich Meckel von Helmsbach (fødd 17. oktober 1781, død 31. oktober 1833) (kalla Meckel den yngre) var ein tysk anatom og ein av grunnleggarane av teratologien (læra om misdanningar). Han var son av anatomen og obstetrikaren Philipp F. T. Meckel og soneson av anatomen Johann F. Meckel den eldre. Han var den av dei tre som gjorde mest arbeide med den Meckelske samlinga, ei samling av anatomiske preparat ved universitetet i Halle.

Meckel studerte medisin og språk ved universitet i Göttingen. I 1802 tok han graden dr. med. på ein avhandling om misdanningar på hjartet (De cordis conditionibus abnormibus).

Han var saman med Étienne Geoffroy Saint-Hilaire grunnleggar av teratologien og har mellom anna gjeve namn til misdanningane Meckels divertikkel, Meckels syndrom og til Meckels brusk.

Han utga fleire bøker, mellom anna Handbuch der pathologischen Anatomie (handbok i patologisk anatomi) i fire bind 1812–1820; og System der vergleichenden Anatomie (System for samanliknande anatomi) i seks bind 1821–1831.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]