Johannes Vinjum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Vinjum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. august 1930
Aurland kommune
Død

23. november 1991 (61 år)
Oslo

Yrke kunstmålar, grafikar

Johannes Vinjum (2. august 193023. november 1991) var ein norsk kunstmålar og grafikar, fødd og oppvaksen i Aurland i Sogn. Vinjum tok kunststudiar i Oslo der han vart buande til han døydde. Fleire av arbeida hans er å finne i Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Museet for samtidskunst. Hans kjæraste motiv var fjella i Aurland, katedralen i Chartres og borneportrett. Vinjum var Festspelutstillar i Bergen i 1984. Etter at han døydde gav familien ei stor målerisamling til Aurland kommune. Denne samlinga er no å finne i Galleri Vinjum på Aurlandsvangen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Flor, Rostad, Hougen: Johannes Vinjum
  • Johannes Vinjum i Norsk Biografisk Leksikon, skriven av Vibeke Hurum.