John Constable
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Constable (11. juni 1776–31. mars 1837) var ein engelsk kunstmålar frå romantikken. Han er best kjend for landskapsmåleria sine frå Dedham Vale, området omkring der han budde, i dag kjent som «Constable Country». Sjølv om måleria hans i dag er blant dei mest populære og kostbare i den britiske kunsten, fekk han aldri nokon finansiell suksess medan han levde.