Romantikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rügen (1820-21) av den romantiske målaren Caspar David Friedrich.

Romantikken var eit straumdrag innan kunst og filosofi som strekte seg frå rett før 1800 og framover minst eitt halvt hundreår. Ho la vekt på fridom for kjensler og fantasi og fridom frå reglar, anten dei gjaldt samfunnet eller klassisk kunst. Fleire av idéane frå romantikken la grunnlaget for det moderne samfunnet.[1]

Fenomen[endre | endre wikiteksten]

Romantikk er eit manfelt omgrep. Det er framleis debatt om opphavet til romantikken, men det er gjerne to faktorar ein peiker på: Opprør mot sider ved 1700-tals-rasjonalismen og innan kunstsynet, opprør mot klassisismen sine reglar. Men han tok og opp i seg somme av idéane frå den franske revolusjonen. Den franske filosofen Jean-Jacques Rousseau var mellom dei som gav grorbotn for romantikken, samstundes som han var ein av ideologane for 1700-tals-tenkinga. Han vert rekna som opphavsmannen til ideen om folkesuverenitetsprinsippet. Han stod høgt i kurs hos mange under og etter revolusjonen. Han meinte at ein måtte «tilbake til naturen»; det vil seia det opphavlege og naturlege, og at eit sunt styre difor måtte byggje på vanlege (naturlege) menneske, altså demokrati. Han meinte at kutur var utvikla natur.[2]

Det er aldri vasstette skott mellom ulike historiske periodar. Romantikken førte vidare mange av ideane frå den politiske tenkinga på 1700-talet. Somme har funne det høveleg å skilje mellom ei politisk radikal retning, som vert kalla venstre-romantikk og ein meir konservativ eller reaksjonær som vert kalla høgre-romantikk. Henrik Wergeland var venstre-romantikar. Han var til dømes sterkt kritisk til den heilage alliansen (jf. diktverket Det befriede Europa), og han førte vidare folkeopplysningsprosjektet frå 1700-talet.

Romantikken i Norden[endre | endre wikiteksten]

Henrik Wergeland, ein romantikar, måla av Carl Peter Lehmann i 1842.

Romantikken kom til Norden frå Tyskland først på 1800-talet. Formidlaren var diktaren og mineralogen Henrick Steffens, som Henrik Wergeland kalla «Norges bortblæste Laurblad» i innleiingsdiktet til Skabelsen, Mennesket og Messias. Frå Danmark spreidde romantikken seg til Sverige (jamfør til dømes Stagnelius, Atterbom) og vidare til Noreg. Men Noreg kan og ha fått impulsar frå engelsk førromantikk. Oppløysinga av heilstaten Danmark-Noreg i 1814 og etableringa av Noreg som nasjonalstat med Grunnlova av 1814, førte til demokratisk og kulturell vokster i Noreg. Sjølve Grunnlova bygde på idear frå opplysningstida i Frankrike og på 1700-talspatriotismenn. Denne patriotismen var levande utover på 1800-talet hjå Henrik Wergeland og krinsen rundt han. Den kulturelle oppfølgjinga etter 1814 tok inntrykk både av høgromantikk og nasjonalromantikk (sjå nedanfor). Brotet med Danmark som Noreg hadde vore i union med sidan 1400-talet, gav mellom anna grorbotn for å leite etter det opphavleg norske i natur og språk med vidare.

Romantikk som litteraturhistorisk omgrep[endre | endre wikiteksten]

Side frå America a Prophecy av førromantikaren William Blake.

I litteraturhistorisk samanheng talar ein mellom anna om mellomalderromantikk, førromantikk, høgromantikk, nasjonalromantikk og nyromantikk.

Europeisk mellomalderromantikk er til dømes representert ved riddarromantikk i verk som Tristam og Isolde. Den engelske kunstnaren William Blake er ein representant for førromantikk. Den svenske forskaren Martin Lamm har introdusert omgrepet Upplysningstidens romantik i sitt store verk av same namn. Sams for all litterær romantikk er at lyrikken blømer og breier seg, jamvel i skodespel og prosaarbeid.

Frå byrjinga av 1800-talet kom den store romantiske rørsla, høgromantikken, som slo gjennom i dei fleste europeiske land og spreidde seg vidare til Amerika på 1840-talet. I Noreg slo han først gjennom med Henrik Wergeland som kom til å bli ei einsam svale. Høgromantikken er òg kalla for, universalromantikk, eller (i Tyskland) 'Jena-romantikk', med namn som brørne Schlegel, Novalis, Schelling og andre.

Høgromantikken er kjenneteikna ved ei grensesprengjande livskjensle, trong til å femne om 'Alt', høg verdsetjing av den skapande og erkjennande krafta som finst i fantasien eller imaginasjonen, filosofisk og religiøs interesse med innslag av platonisme og nyplatonisme, ein naturfilosofi som såg ånd på ulike nivå gjennom heile skaparverket - umedveten ånd i steinen, slumrande i dyret, vaknande i mennesket (jamfør den tyske Schelling og «nordmannen» Henrich Steffens, som var fødd i Noreg men hadde dansk mor og nedertysk far).

Romantikken hadde stor sans for eventyr og mytar og henta gjerne stoff frå fjerne stader, til dømes i Oehlenschlägers skodespel Aladdin. Sansen for det eventyrelege syner seg og i det stilistiske. Genreblanding, mykje bruk av symbolikk og metaforikk, ikkje minst naturbesjeling, er rekna som typiske romantiske trekk.

Nasjonalromantikk[endre | endre wikiteksten]

Adolph Tidemand og Hans Gude, Brudeferd i Hardanger, 1848, Nasjonalmuseet i Oslo.

Den såkalla nasjonalromantikken, gjerne kalla den yngre romantiske skulen, er òg internasjonal. Den er for ein stor del antikvarisk i sine interesser. Ein pla nemne den tyske byen Heidelberg som sjølve heimstaden. Difor er han og ofte kalla heidelbergromantikk. Nasjonalromantikken er i nokon mon utsprungen av Herders tenking. Den var oppteken av innsamling av folkeminne av alle slag frå språk, til eventyr, segner, mytar, folkeviser. Grimm-brørne (og Asbjørnsen og Moe i Noreg), Arnim og Brentano (og M.B. Landstad i Noreg) er sentrale namn. I Noreg slo nasjonalromantikken gjennom på 1840-talet.

Nasjonalromantikken er ein utlaupar av den store romantikken. Andre utlauparar er romantisme (fransk omgrep), poetisk realisme, seinromantikk osb. Desse retningane er òg romantikk, men ein meir eller mindre borgarleggjort romantikk, typifisert av til dømes Johan Ludvig Heiberg i Danmark og Johan Sebastian Welhaven i Noreg. Nyansane er likevel mange.

Nyromantikk[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet nyromantikk er òg vanskeleg. I svenske litteratursoger er nyromantikk det same som høgromantikk i Noreg. Den gamle romantikken fann svenskane i mellomalderen.

I Noreg er omgrepet nyromantikken brukt om dei nye romaniske straumdraga på 1890-talet, med Vilhelm Krags og Obstfelders lyrikk og Tryggve Andersens romanar. Hamsuns Pan, Garborgs Haugtussa, Hans E. Kincks Flaggermusvinger som alle kom ut midt på 1890-talet, er rekna som nyromantiske verk.

På 1900-talet fekk vi store lyrikarar som Bjarte Birkeland (jf. Norges litteaturhstorie, red. Edv. Beyer) med god grunn, har sett som seine representantar for høgromantikken, med namn som Olaf Bull, Olav Nygard, Kristofer Uppdal og Olav Aukrust. Fleire av dei har hylla Henrik Wergeland i dikt og prosa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]