John Key
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Phillip Key (fødd 9. august 1961) er ein newzealandsk politikar og den noverande statsministeren i New Zealand, som den 38. i rekkja. Han er også leiar av National Party i New Zealand.
John Key vart med i Representanthuset i New Zealand i 2002, der han representerer valkrinsen Helensville nordvest i Auckland. Han har sete der sidan. I 2004 vart han talsmann for finans i partiet sitt. Han etterfølgde Don Brash som partileiar i 2006. Key leidde partiet sitt til siger i valet i New Zealand i november 2008.
Bakgrunnsstoff [endre]
| Føregjengar Helen Clark |
Statsminister i New Zealand 2008– |
Etterfylgjar — |