Joint Expeditionary Force

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Joint Expeditionary Force (JEF) er ein multinasjonal reaksjonsstyrke leia av Storbritannia, med element frå Royal Navy, Royal Marines, British Army og Royal Air Force, og dessutan bidrag frå dei andre medlemslanda.

JEF består av ti medlemsland: Storbritannia, Danmark, Finland, Estland, Island, Latvia, Litauen, Nederland, Noreg og Sverige.

Føremål[endre | endre wikiteksten]

JEF vart oppretta i 2014, og skal snøgt kunna setjast inn i tilfelle ei krise oppstår.[1] Føremålet med JEF-samarbeidet er å styrkja tryggleiken til medlemslanda.[2] Innbyrdes støtte og samarbeid mellom medlemslanda står i fokus, dette inneber «å opprettholde beredskap, utveksle informasjon og herunder identifisere og forstå potensielle trusler.» Såleis utfyller og styrkjer JEF-samarbeidet NATO sin posisjon i Nord-Europa.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Joint Expeditionary Force», Forsvaret (på norsk bokmål), henta 13. oktober 2023 
  2. Hjorth, Christian Bugge. «Island nytt medlem i Joint Expeditionary Force - JEF». Norges Forsvarsforening (på norsk bokmål). Henta 25. februar 2022.