Jonisk gresk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Jonisk | ||
| Klassifisering: | indoeuropeiske språk hellensk gammalgresk austleg |
|
| Bruk | ||
| Område: | Kring Egearhavet | |
| Språkkodar | ||
Jonisk var ein gammalgresk dialekt talt i Jonia på vestkysten av Lilleasia og på dei fleste øyane i Egearhavet. Det var nært i slekt med attisk. Ved sidan av attisk er jonisk den viktigaste litterære dialekten i Hellas før koiné-perioden, og vart ofte nytta i epos (med innslag frå andre dialektar, særleg aiolisk), elegi og jambedikting, samt i eldre prosa, som til dømes Herodot og Hippokrates.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Jonisk gresk»